For andre år på rad er det berre kvite skodespelarar som er nominerte til Oscar. Det har ført til bråk og kritikk av Oscar-akademiet, som deler ut prisen. Skodespelarparet Will og Jada Pinkett Smith og regissør Spike Lee er blant dei som har sagt at dei vil boikotte utdelinga i år.
– Betre filmar
Enkelte har også oppmoda Oscar-vert Chris Rock om å trekke seg frå oppdraget. Men han vil i staden endre manuset sitt.
No kastar også president Barack Obama seg inn i konflikten. I eit intervju med ein lokal tv-stasjon sa han at vi får betre filmar om alle får fortalt si historie.
– Det blir betre underhaldning om alle kan kjenne seg som ein del av den amerikanske familien. Filmbransjen bør gjere det same som alle andre bransjar bør gjere: leite etter talentet og gi alle ein sjanse.
Lovar endringar
Obama meiner også California er eit eksempel på dei store skilnadane som er i USA i dag.
– Eg trur Oscar-debatten berre er eit uttrykk for eit større problem. Er vi sikre på at vi gir alle ein reell sjanse?
President i Oscar-akademiet, Cheryl Boone Isaacs, har lova å ta tak i problemet. Ho seier organisasjonen må gjere endringar for å få retta opp skeivheiter.
Oscar-prisane blir i år delte ut søndag 28. februar i Los Angeles.