– Eg trur Bård kjem til å klare seg glimrande utan oss to, no kan han endeleg få lage draumeprogrammet sitt utan innblandinga vår i noko som helst, seier Pernille Sørensen.
Pernille Sørensen og Johan Golden er begge i karantene på grunn av koronasmitte i heimen.
Det betyr at dei ikkje er med i fredagens sending av «Nytt på Nytt».
Johan Golden understrekar at han i dag tok PCR-test. Den var negativ.
– Eg kan ikkje seie anna enn at omikron må skjerpe seg. Den lever verkeleg ikkje opp til sitt rykte, utbryt han.
– Målet er å få mora sjuk heilt til slutt
Dagens karantereglar er slik at den som bur med éin eller fleire personar som er smitta har karanteneplikt i ti døgn.
– Når den eine sonen min får korona, så ventar den andre sonen min med å få det til den fyrste er ute av karantene. Her er det ikkje lov å få det samtidig. Her held vi det perfekt ved å få korona med nokre dagar mellomrom, seier Golden.
Han fortel med glimt i auge at han og familien følgjer FHI sitt råd til punkt og prikke.
– Målet er å få mora sjuk heilt til slutt, slik at det blir totalt fem veker karantene, legg Golden til.
For berre to veker sidan var det programleiar Bård Tufte Johansen som måtte kaste inn handkleet etter å ha fått korona.
Anne Holt: – Livredd
Ifølgje prosjektleiar Kjetil Kooyman er dei vande med å måtte endre på ting i siste liten.
– Det kan skje ganske brått, og vi prøver å sjå på det som ei moglegheit til å prøve noko gøy, fortel han.
I denne omgangen er det forfattaren Anne Holt og influensaren og programleiaren Jenny Skavlan som skal flankere Bård denne fredagen.
– Eg er svært glad viss eg i det heile tatt overlever dette. Da kan de sende meg til grensa mot Ukraina, seier Holt og refererer til Ukraina-konflikten.
– Eg er livredd og litt utanfor meg sjølv. Og eg fekk så kort varsel at det må vere 499 som har takka nei før meg. Inkludert David Toska, legg ho til.
Spår 2022
Bård Tufte Johansen ser ljost på det å få nye «side-kicks».
– Pandemien har gjort det unormale normalt, sist det var ei vanleg veke var vel i 2019. Her er det berre å kaste seg ut i det, seier programleiaren.
Med ein god dose humor fortel han kva han trur resten av året vil bringe:
– Kjenner eg 2022 rett kjem Pernille og Johan tilbake neste veke, og blir smitta med Omikron i veke 6.