- Ja vi har eit ganske så uvanleg namn med tanke på å fornye folkemusikken, Ments Dagfinn Gressberg den eine av to i duoen Gamlelandet prøver å forklare. - Men det er det vi vil, sjølv om det kan vere vanskeleg så håper me å ha laga noko nytt med vår EP.
Gamlelandet er på god veg til å løyse utfordringa. Bandet vart den siste vekevinnaren i P1 demo i desember.
Eit gammalt instrument
Gamlelandet har tatt utfordringa folkemusikken har hatt vanskar med dei siste åra. Saman med Robert Samuelsson frå Sverige prøver Dagfinn Gressberg å lage ein ny type folkemusikk.
- Vi kallar det country music from the heart of Scandinavia. Musikken har røter frå både skandinavisk og Nord-amerikansk folkemusikk. Vårt særtrekk er likevel nøkkelharpa, ei blanding av fele og gitar, forklarer Dagfinn.
Vidare satsing
Så langt har dei to karane trykt opp eit eksemplar på 1000 stk av sin debut-ep. Songen "Noen å prate med" har vore spelt svært mykje i NRK Hedmark, og dei to håper på hell også utanfor Noreg.
- Robert er frå Sverige, og det kvalifiserer vel til å gjeve ut noko der. Me har og kontaktar i Sverige som vil satse på oss, seier Dagfinn. Gamlelandet kan kanskje og appellere til utvandrarar frå USA. – Me har fått kontaktar i The Nycelharpa Association, så kven veit kor det heile ender avsluttar Dagfinn.
Meir om Gamlelandet: Sjekk ut www.gamlelandet.no.