Hopp til innhold

Målselv tenkjer nytt

I Målselv vart filmen "Kautokeino-opprøret" spela inn i ein nedlagd forsvarsleir. I same kommunen byggjer dei nå nytt alpinanlegg og vil byggja 1500 ! hytter. Nytenking og nyskaping pregar kommunen som mista fleire hundre innbyggjarar då Forsvaret reduserte aktiviteten .

Huset på Brandskoggarden er frå 1789
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Nyskapingspris

Ordføraren spelar på mange strenger
Foto: Geir Rommetveit / NRK
Ordførar Viggo Fossum med vinnerfatet
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Målselv kommune har nå 6.700 innbyggjarar. Dei siste åra har kommunen mista nærare 1.000 på grunn av at Forsvaret har redusert aktiviteten der. Kommunen fekk økonomiske problem, og fylkesmannen sette Målselv under oppsyn. Men depresjon fekk ikkje prega folket, seier ordførar Viggo Fossum.Tvert om så satsa dei dristig på utvikling i kommunen - og for den nytenkinga vart kommunen i fjor kåra til årets nyskapingsbygd av avisa "Nationen".

Filmen "Nord" blir nå spela inn i filmcampen
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Film-camp

Ein gammal militærleir i Øverbygd vart kjøpt for 7 mill.kr. frå Forsvaret. Kommunen er største investor her, men det er eldsjeler frå bygda som driv film-leiren, der det til nå er spela inn 11 filmar, blant anna "Kautokeino-opprøret". Då Norge Rundt var der, filma dei inne i ein stor hall der det tidlegare var fullt av militærtanks. Då låg ein døyande same inne i ein lavvo med kamerafolk rundt seg i denne hallen.

Dei første hyttene i fjellandsbyen er ferdige
Foto: Geir Rommetveit / NRK
Rein lykke med blånissar
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Målselv fjellandsby

Tilsaman kan det bli 1500 hytter i fjellsida, der det nå er bygd fleire alpinheisar og eit bygg med varmestove,restaurant, toalett og souvenirbutikk. I løpet av dei neste 10 åra skal det investerast ialt 4 milliardar kr. i dette området! Kommunen har vore rekordraske med reguleringa av området , og bygginga skjer i rekordfart. Til nå er det selt 325 hyttetomter og alle kostar over ein halv million kr.

Blånissane har flytta til Målselv
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Blånisseland

I fjellandsbyen blir det bygt eit hus for landets einaste blånisseland. Dei har fått avtale med NRK som gjer at dei kan gjenskapa blånisselandet frå NRK's barne-TV. Dette blir opna i november, få dagar før NRK igjen viser Blånisseland i desember.

Flygeleiarane ved Snowman International Airport
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Snowman International Airport

Snømennene du ser her har teke over flygeleiarfunksjonane ved Bardufoss flyplass....iallefall då Norge Rundt var der. Flyplassen skal faktisk heita Snowman International Airport, og det skal i tilknyting til fjellandsbyen byggjast eit "snømann-land". Der vil dei neste vinter byggja verdas høgaste snømann; 39 meter !

"Målselv varde" av grunnfjell og svidde furutre
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Kåring av årets mest nyskapande

Avisa "Nationen" kåra altså i fjor Målselv til den mest nyskapande kommunen. Også i år skal "Nationen" kåra den bygda,plassen eller kommunen som har vore mest kreativ. Redaktør i avisa, Tove Lie, seier at juryen likar å bli overraska. Det treng altså ikkje vera ein kommune,men gjerne ei bygd. Dei treng heller ikkje ha investert millionar av kroner, men altså tenkja nytt - og skapa noko nytt.Me oppmodar alle kreative Norge Rundt-sjåarar til å koma med forslag til vinnar av årets nyskapingspris. Då tek du kontakt med "Nationen" via nettsidene deira :

www.nationen.no

...og Norge Rundt,blant anna frå Målselv, ser du på NRK1 fredag kl. 19.30

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK