Atle Antonsen: – Det er viktig at handverkarar ikkje får operere på eiga hand

Oppussingshistoriene i nyinnspelinga av er inspirerte av verkelege hendingar. Men manusforfattarane Arild Frölich og Atle Antonsen seier dei måtte tone ned ein del av hendingane for å gjere filmen meir truverdig.

Regissør og manusforfattar Arild Frölich håper mange skal kjenne seg igjen i komedien «Norske byggeklosser», som har premiere onsdag kveld. Filmen er inspirert av klassikaren med same namn frå 1972. Frölich har skrive manus saman med Atle Antonsen, som speler elleve roller i filmen.

– Det er ein del som er likt mellom dei to filmane, men vi fann fort ut at vi ikkje kunne lage filmen frå 1972 på nytt. Vi har stor respekt for den filmen, men vi måtte lage noko som var morosamt og som folk kan kjenne seg igjen i i 2018, seier Frölich til NRK.

Atle Antonsen som håndverker Mischa i Norske byggeklosser

Atle Antonsen som den polske handverkaren Mischa, som er både snikkar, røyrleggar og malar. Dette er ei av elleve roller Antonsen speler i den nye oppussingskomedien.

Foto: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon

Inspirert av sanne historier

Både Antonsen og Frölich har gjort seg erfaringar med bygge- og oppussingsprosjekt som dei har teke med seg inn i manusarbeidet.

– Fleire av scenene i filmen er inspirert av erfaringar som vennar og kjente har gjort. Men vi har måtte tone ned ein del av desse for å gjere det til ein truverdig film, seier Antonsen.

Og medan dei har laga filmen, har regissør Frölich sjølv stått midt oppe i krevjande prosjekt på heimebane.

– Det kjennest som om eg har pussa opp samanhengande i ti år no. Så eg er godt kjent med å bu i støv saman med familien på eitt rom, medan dei lånte pengane berre renn ut.

Fra filmen "Norske byggeklosser". Gunnar Haugan, til venstre, og Rolv Wesenlund.

Rolv Wesenlund spelte åtte roller i den opphavlege «Norske byggeklosser» frå 1972. Her er han saman med Gunnar Haugan, som også hadde ei rolle i filmen. Regien var ved Pål Bang-Hansen.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

Atle Antonsen har også fleire prosjekt bak seg, men han har lært seg at det kan vere lurt å bruke fagfolk til dei store jobbane. Og at det er viktig å følge godt opp.

– Handverkarar må ikkje få operere på eiga hand. Skal du ha handverkarar i tre månader, må du også ta deg fri i tre månader for å følge opp. Du veit aldri kva som har blitt gjort når du kjem heim på ettermiddagen.

Moro på jobb

I 2018-utgåva av «Norske byggeklosser» skal eit par spelt av Anders Baasmo Christiansen og Ine Jansen, pusse opp eit gamalt hus. Dei møter på hindringar som polske handverkarar, korrupte byggeinspektørar og strenge avfallsorteringsekspertar.

Anders Baasmo Christiansen og Ine Jansen i Norske Byggeklosser

Anders Baasmo Christiansen og Ine Jansen spelar paret som skal pusse opp eit gamalt hus på Jessheim, men som møter på mange utfordringar på vegen.

Foto: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon

Det var morosame dagar på settet, seier Anders Baasmo Christiansen.

– Det er enkelte filmar der ein har det meir morosamt på jobb enn andre. Og her lo vi mykje undervegs. Vi måtte ta oss saman for ikkje å øydelegge tagningane. Det kjendest ikkje heilt som jobb denne gangen.

Han har derimot klart å styre unna dei heilt store prosjekta.

– Eg har gjort enkle oppgåver som skruing og måling. Men våtromselementer og oppussing av bad og slikt, det styrer eg unna.

Anne Marit Jacobsen i Norske Byggeklosser

Anne Marit Jacobsen spelar mora til Anders Baasmo Christiansen.

Foto: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon

Kulturstrøm

  • Britisk debutant fikk krimpris

    Debutanten C.J. Tudor ble under Krimfestivalen tildelt årets Gullkule for sin roman «Krittmannen». Jurymedlemmene Elin Brend Bjørhei, Asbjørn Slettemark og Fredrik Wandrup, er imponerte over nivået på forfatterens første bok skriver Cappelen Damm i en pressemelding.

  • Norsk marineoffiser til Italia

    Lasse Matberg, eller «il vichingo» som italienerne kaller ham, skal være med i den italienske versjonen av «Skal Vi Danse». Nordmannen har over 600.000 følgere på instagram og er mest kjent for å ta bilder der han poserer som en viking.