Lagt ut på nett av: Øyvind André Haram, NRK.no/musikk
Vekas platearbeidere er musikkjournalist i P1 Per Kristian Johansen og redaksjonsjef i P3 Tone Donald.

Elin Torset - "Blueberry Bliss"
Per Kristian: Dette er altså ei forholdsvis ny dame i musikkmarknaden, sjølv om ho var med i Melodi Grand Prix i 2001. I tillegg veit eg at ho er frå Aure på Nordmøre og har studert språk, og gjev no ut denne EPen.
Tone: Det ho har til felles for mange artistar i år, er at ho lagar melodiøs pop. Den beste artisten vi har til å lage det i Noreg i dag, er Lene Marlin. Ho har den unike evna å lage fantastisk musikk, men med ei stemme som ikkje er av det sterkaste slaget. Eg synst at Elin Torset klarer å lage lett god popmusikk, men går ikkje inn i djupet. Det er for mykje Enya og dill dall da. Det er litt sånn at du kan godt høyre på det, dersom du ikkje vil bli utfordra på det på nokon måte. Det er tåleleg.
Per Kristian: Eg er samd i at ho etterliknar mange andre. Eg synst ho manglar innhald. Synst ikkje at ho held heller så bra på stemma. Ho sprekk til og med litt på plata.

Christine Guldbrandsen - "Surfing in the air"
Tone: Til forskjell frå Elin Torset så er ho tatt inn under vingane av eit stort plateselskap, Sony. Ho kjem frå Bergen og vert kalla den nye Sissel Kyrkjebø. Ho hopper rett inn i melodiøs poppgenren. Når sant skal seiast så har ho aldri Sissel klart det. Det må eg også seie om Christine Gulbrandsen. Ho har mykje til felles i presentasjonsform med Elin Torset. Begge to vandrar ned på ein fjordlett sti, og der er det ikkje mange trådar å snuble i. Det er nesten slik at ein er framme før plata er det, og ein får nok halvvegs midt i.
Per Kristian: Heile plata er veldig lik songen "Surfing in the air" som har vore spelt mykje på radio. Samstidig så er det mykje ein er innom på denne plata. Både meksikansk, indisk og irsk. Dei har til og med henta inn samples frå symfoniorkesteret i Wien her. Med andre ord det ligg mykje bak denne plata. Eg synst dette her er oppskriftsmessig verdsmusikk, og det er bra.
Tone: Eg er ikkje samd i det. Eg synst den er rett og slett kjedelig.

Ronan Keating - "Turn it on"
Tone: Det er faktisk meir morsamt å snakke om han enn å snakke om musikken hans. Blant anna så er det då artig å snakke om han versus Robbie Williams. Ronan er liksom glansbilete som vi trygt kan overlate våre born til. Eg likar faktisk ein del av det derne boyband-styret. Blant anna Backstreet Boys og Spice Girls. Ronan Keating tek vekk ein del av rytmane i denne type musikken, dermed likar eg det ikkje heilt. Det blir litt for velprodusert. Det sklir inn og går rett ut igjen. Eg lar meg heller ikkje røre av
Per Kristian: Han viser at han skriv gode songar. Ein veit litt kva ein får når han kjem med plate. Det er bra produsert, kanskje litt meir rocka denne gongen her. Det er mange gode balladar. Han held nok på fansen sin. Eg kjem nok til å få høyre det frå kompisane mine etterpå, at eg likar Ronan, det får så vere.
Tone: Eg kjem ikkje til å få høyre det.. Hehe.