Bearbeidet for nett av: Øyvind André Haram, NRK.no/musikk
Michael Jackson – One more chance
Sven Ole: Fokuset har vore retta heilt andre stader enn på musikken til Jackson. Eg synst i motsetning til kva mange andre har sagt at denne singelen er veldig fin. Denne her er litt betre enn kva han har gjort i det siste.
Anikken: Alle var Michael Jackson fan på 80-tallet. Eg synst at den nye singelen er litt tilbake til "Off the Wall". Det er kanskje slik at Jackson vert meir moden no når han er 45 år gammal.
Sven Ole: Det kjem jo eit nytt samlealbum i samband med denne singelen.
Anikken: Eg trur eg skal høyre samlealbumet før eg kjøper den, men eg gledar meg til at albumet kjem og håper at dette her er tilbake til fordoms tid.
Rod Stewart – American Songbook 2
Anikken: Dersom vi ser litt på coveret på plata så seier det ein del. Han struttar av sjølvtillit og prøver i det minste å vise at han har herredømme. Det er kanskje ei sjarmørplate, utan at eg lar meg sjarmere. Det er jo den store amerikanske songboka som han prøver seg på denne gongen. Mange andre har prøvd dette før, og eg synst ikkje at han tilfører noko nytt i denne samanheng.
Sven Ole: Dette er oppfølgjaren til American Songbook 1. Nesten ingen hadde trudd at det blei ein kjempesuksess. Det tyder på at folk vil ha dette her. Eg var så heldig å få møte Stewart i London når det albumet kom. Da sa han at han måtte tre år for å vente på å gjeve ut den plata fordi at plateselskapet ikkje hadde tru på prosjektet. Det kan eg forstå, for stemma er ikkje heilt det store. Det er så vidt det er mogeleg å hente noko meir igjen av den hæse stemma si. Vokalteknikken er ikkje heilt Stewarts greier. Eg skjønar at folk likar dette, kan vere litt småkoseleg.
Anikken: Der som med sukkerspinn som ein kjøper på tivoli. Det er frykteleg søtt og fryktelig klissete, men det er da litt godt også då. Det er det positive eg kan trekkje fram i dette her.
Sven Ole: Men så er det også slik at han har eit par duettar på denne plata. Litt ufatteleg at han faktisk har fått Lisa Ekdal og Cher til å synge duettar. Det er ikkje så verst akkurat dei duettane.
Anikken: Eg håper likevel at det ikkje vert noko nummer tre i denne serien.
Sigvart Dagsland – Hjemmefra
SO: Vi har snakka om singelen "Hjemmefra" før her i Platearbeidarane. No når plata har kome så er det kanskje litt usikkert kva dette er for noko. Det har vore litt vekslande tilbakemeldingar på sjølve plata. Eg synst i det heile at han kanskje kunne ha gjort noko meir. Tekstane er det eg først vil sette fingeren på. Eg saknar gode og betre tekstar på denne plata. Eg blir litt småskuffa.
Anikken: Det er solid handverk på dette her. Kjempegode arrangement. Eg er likevel samd i det Sven Ole seier om tekstane. Dei handlar som vanleg om kjærleik og livet, men dei blir litt meir plattare. Det er ikkje dei kjempetekstane som er Sigvarts kjenneteikn. Det blir litt jamne.
SO: Eg saknar eit par ekstra knall-låtar i dette her. Det blir litt sånn gjennomsnittleg.
Anikken: Vi må ikkje gløyme at dette her er ei god plate, ikkje minst med mange flotte balladar. Summa summarum så blir det ei bra plate, men som nemnt ikkje den kvaliteten i tekstane som vi er vand med frå Sigvart.