NRK Meny
Normal

Nye Iphone kostar over 10.000 kroner

I samband med at det er ti år sidan lanseringa av Iphone, presenterte Apple jubileumsutgåva Iphone X. Men det kostar flesk.

Apple Showcase

Administrerande direktør Tim Cook i Apple hadde fleire nyheiter å kome med tysdag kveld.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

Framfor ein fullpakka sal, presenterte administrerande direktør Tim Cook i Apple fleire nye produkt tysdag kveld. Denne gongen var det mange som var særleg spente på kva Apple hadde i ermet når det gjaldt Iphone. Då smarttelefonen blei lansert for ti år sidan, revolusjonerte han mobilmarknaden.

– Iphone har påverka måten vi jobbar på, måten vi spelar på, og ikkje minst måten vi snakkar saman på, sa Cook frå scenen i det nyopna Steve Jobs Theatre i den nye teknologiparken til Apple.

Iphone 8

Etter ein presentasjon av nye smartklokker og ei ny utgåve av Apple TV, var det klart for smarttelefonane. Først ut var Iphone 8 og 8 Plus, som blant anna har fått betre kamera, betre fargegjengeving og høgtalarar samanlikna med forgjengaren.

Telefonen liknar på Iphone 7, men har også glas på baksida av telefonen. Dette gjer at det er mogleg å lade telefonen trådlaust. Telefonen er også vasstett.

Kameraet er også utstyrt med ein funksjon som skal gjere det lettare å lage gode portrett ved at lyset blir stilt automatisk inn etter motiv og bakgrunn.

APPLE-IPHONE/

Den nye Iphone 8 har kraftig glas på baksida, og opnar for trådlaus lading av telefonen.

Foto: STEPHEN LAM / Reuters

Iphone X

I tillegg kom Apple også med ei jubileumsutgåve av iPhonen, som har fått namnet Iphone X. Cook kalla denne nye telefonen den største utviklinga av smarttelefonar sidan Iphone blei lansert for ti år sidan.

– Dette er ein smarttelefon for framtida, sa han frå scenekanten.

Telefonen har ein heildekkande skjerm, og heimknappen er borte. No skal du bruke ein finger for sveipe når ein vil til startsida, lukke appar eller veksle mellom ulike appar. Skjermen er også forbetra samanlikna med tidlegare modellar.

US-APPLE-HOLDS-PRODUCT-LAUNCH-EVENT-AT-NEW-CAMPUS-IN-CUPERTINO

Den nye Iphone X har ikkje heimknapp. Og bruker gjenkjenning av ansikt til å opne telefonen.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

I tillegg blir det slutt på å vise fingeren til telefonen når du vil låse han opp. Med Iphone X skal du skanne ansiktet for å låse opp telefonen. Teknologien blir også brukt når ein skal betale med telefonen, og Apple har gjort det mogleg å styre emojiar med teknologien.

Spent

Fagansvarleg for mobil i NRK, Ola Morseth-Nordbryhn, er spent på kor bra desse telefonane eigentleg er.

– Mange seier at spesielt Iphone X er ein dings for framtida. Samtidig ser vi at Apple og Samsung følger kvarandre tett, og går for mange av dei same løysingane. Som heildekkande skjerm.

Jubileumstelefonen kjem truleg til å koste frå knappe 11.000 kroner i Norge. Morseth-Nordbryhn trur difor denne telefonen rettar seg mot eit toppsegment.

– Norge har tradisjonelt vist seg å vere betalingsvillige, og det er nok enkelte privatpersonar som kanskje kjøper seg Iphone X. Men dette er nok ein telefon som først og fremst rettar seg mot dei som får betalt telefonen av andre.