Nye episodar av «Førstegangstjenesten»: – Det blir større og meir

Etter braksuksess med to pilotepisodar, er Herman Flesvig no klar for å sleppa ein heil sesong. Kjende gjesteskodespelarar og eigne stunt er noko av det fansen kan venta seg.

Endelig er Førstegangstjenesten med Herman Flesvig snart tilbake. Sesongpremieren er 2. oktober!

– Fansen kan venta at det blir større og meir. Eg trur ikkje dei blir skuffa, seier komikar og skodespelar Herman Flesvig som speler alle dei mest sentrale rollene sjølv.

Dei to første episodane av serien «Førstegangstjenesten» blei sloppe i NRK nett-TV i desember i fjor, og sat strøymerekord. No kjenner Flesvig på nervane før fem av totalt ti nye episodar kjem fredag 2. oktober.

– Eg trur og håpar eg har klart å behalda det som var bra i dei første pilotepisodane.

Draum som gjekk i oppfylling

To overraskingar i serien er gjesteskodespelarane Kristoffer Hivju og Bård Tufte Johansen.

– Det er ganske sprøtt å sjå folk eg ser opp til spela det eg har klekt ut i hovudet mitt. Eg har sett masse på Team Antonsen og det Bård har gjort frå eg var liten av. Det å få han til å seia mine replikkar er sprøtt, fortel Flesvig.

Han fortel at det var som ein draum som gjekk i oppfylling å få Johansen og Hivju med på laget.

– Det kjennest ganske utruleg. Eg føler at her har det skjedd ein glipp og tenker stadig at «no må nokon sei ifrå at han må gå tilbake til den ordentlege jobben sin», seier han og ler.

Herman Flesvig er klar med sesong 2 av Førstegangstjenesten

TAKKSAM: Flesvig er takksam for at dei første episodane har blitt tatt så godt imot. – Det har vore heilt utruleg, og ei god stadfesting på at det eg gjer er bra.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Improviserte scener

For den allsidige komikaren starta det heile med videosnuttar av improviserte parodiar på Instagram. Dette gav han sjansen til å få jobba med humoridolet sitt og sin gode ven Robert Stoltenberg i serien «Hytteliv» på NRK.

Mange kjenner han også frå podkasten Friminutt som han har saman med NRK-profil Mikkel Niva. I tillegg har han vunne fleire prisar, mellom andre Årets morsomste på nett under Humorprisen 2019.

Sjølv om dei har jobba hardt med manus på førehand, har det blitt litt improvisasjonar i «Førstegangstjenesten» også.

– Det er eit godt manus, men når eg får i meg tre Red Bull og kameraet går blir det sjeldan det som står i manus, seier han spøkefullt.

Éi av dei improviserte scenene er bildet under, der fyrstikkene som held auga opne er sentrale.

Sesong 2 av Førstegangstjenesten
Foto: NRK

– Dette var ikkje i manus. Eg tvang alle på sett klokka fire om morgonen til å fullføra. Eg kom på at eg syntest dette var veldig gøy, og då måtte folk kasta seg rundt. Det er berre å beklaga. Nokre gongar får eg nokre innfall, og då må det berre skje, seier han med glimt i auga.

Mista farmora si under innspeling

Flesvig fortel om ein intens og spesiell innspelingsperiode med mykje som skjedde på ein gong. Han kjøpte mellom anna leilegheit, og var med i ein bodrunde samstundes som han gjorde opptak til serien. I tillegg opplevde han negativ kritikk rundt serien i media.

– Eg mista også farmora mi, så det var mange private ting som skjedde undervegs i innspelinga. Men eg hadde fine folk rundt meg som kjenner meg godt og veit kva eg treng.

Han fortel at det kan vera tungt å få negative tilbakemeldingar rundt arbeidet sitt, og at intensjonen hans aldri er å tøya grenser eller trakka nokon på tærne.

– Eg har bevisst vald karakterar som er frå alle stader i samfunnet og i Noreg. Eg prøver å treffa breiast mogleg.

Han fortel at dei har vore ein god gjeng som har hatt det gøy saman på sett.

– Det har vore ekstremt høg profesjonalitet blant alle som har jobba på serien. Det er veldig fasinerande og inspirerande.

Stuntmann

I tillegg til å skriva manus og improvisera, gir han også alt fysisk i serien. I dei komande episodane blir det litt fleire stunt å sjå, og Flesvig gjer alle sjølv.

– Når ein først speler alle rollene og er såpass sjølvopptatt, er det klart ein skal gjera stunta sjølv då, seier han lattermild i tonen og fortset:

– Det er flinke folk som passar på at ting blir gjort riktig, så det har ikkje vore risky. Det gir eit ekstra kick å gå «all in».

Flesvig kjenner seg privilegert som får driva med det han synest er aller kjekkast.

– Eg er stolt over alt eg har fått til, seier han.

Kulturstrøm

  • Vedtar kvensk versjon av norske ord

    Språktinget skal vedta kvensk versjon av mange norske ord som er kommet til i nyere tid. Leder av Kvensk språkting, Egil Sundelin sier det er viktig å ha en dialog mellom eldre kvenske språkbrukere og fagfolk som skal lage kvenske ord.

  • Regjeringskritisk journalist drepen

    Ein journalist som var sterkt kritisk til styresmaktene i Honduras, har blitt skoten og drepen. 87 journalistar har blitt drepne i landet dei siste 20 åra. Luis Almendares blei skoten av to menn på ein motorsykkel på veg til ein butikk i Comayagua.