Hopp til innhold

Tenåring om nettbruk: – Eg kjenner meg ganske trygg

Noreg er det landet der flest barn oppgir at dei føler seg trygge på nett samanlikna med andre land. Det viser nye funn. Men alt er ikkje like positivt.

Thea Roe Borgersen (14) kjenner seg trygg på nettet

Thea Roe Borgersen spelar spel heime i kjellarstova.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Eg er ganske mykje på nett, anten for å sjå på noko på YouTube eller prate med folk på Snapchat. Og eg speler ganske mykje med venane mine, seier Thea Roe Borgersen.

Ho er 14 år gammal og surfar dagleg internett, og har som regel gode opplevingar.

– Eg kjenner meg ganske trygg på nett. Eg pleier ikkje å snakke med folk eg ikkje kjenner, seier Thea Roe Borgersen.

– Internettet er ein sosial arena

Noreg er det landet der flest barn oppgir at dei føler seg trygge på nett samanlikna med andre europeiske land.

Det kjem fram gjennom eit internasjonal forskingsprosjekt som har undersøkt den digitale kvardagen under pandemien.

Elisabeth Staksrud, professor ved UiO er ein av forskarane bak. Ho trur at gode ferdigheiter er noko av grunnen til at norske barn er trygge på nett.

Elisabeth Staksrud

Elisabeth Staksrud er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon på Universitet i Oslo.

Foto: UiO

– Norske barn brukar mest tid på nett samanlikna med andre land, og dei har gode ferdigheiter. Det å vere på nettet er ganske naturleg, og internett er primært ein sosial arena der dei heng med venar og har det morosamt.

Kan dette vera ein indikasjon på at bildet me har hatt av nettbruken til barn og unge har vore mørkare enn realiteten?

– Nettet er primært hyggeleg og god arena, og dersom me som vaksne snakkar veldig mykje om det i eit risikoperspektiv, blir det litt framandgjerande for barn og unge.

– «Eg håpar familien din dør»

Blant anna viste undersøkinga at ein av fire norske barn mellom 11 og 18 år opplevde meir netthat under koronanedstenginga, enn det dei har opplevd før.

Thea Roe Borgersen på mobilen. Ho likar blant anna å snakke med venar over Snapchat

Thea Roe Borgersen likar å snakke med venane sine på ulike sosiale medium.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Netthets er også noko Thea har vore vitne til, blant anna har ho sett stygge kommentarar og mobbing i fleire kommentarfelt på TikTok og andre sosiale medium.

– «Eg synest du er skikkeleg shtøgg, og eg håpar familien din dør». Det er mange stygge kommentarar.

–Det er veldig sårande og trist, spesielt fordi det er anonymt og du ikkje veit kven dei er.

Staksrud seier at norske barn ofte kjenner seg trygge trass i ubehagelege opplevingar fordi dei har kompetanse til å handtere det.

– Det heng ofte saman. Norske barn opplever ting, men dei fleste har også god handteringskompetanse. Dei ser det, slettar det og går vidare med livet sitt, seier ho.

Thea Roe Borgersen (14) spelar spel heime i kjellerstova
Foto: Philip Hofgaard / NRK

Slettar stygge kommentarar

14-åringen frå Larvik er eit godt eksempel på akkurat det.

– Viss eg får stygge kommentarar så sletter eg dei berre. Og så tenker eg ikkje på dei meir, og så er det borte.

Staksrud oppfordrar foreldre til å snakke saman med barna om farane på internett.

Det er noko Familien Borgersen gjer, og som har gjort nettbruken til ei hyggeleg oppleving.

– Eg synest det er veldig koseleg å spele med folk, spele med venar og oppleve ting som er veldig hyggeleg.

Den fullstendige norske rapporten kjem i februar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.