Hopp til innhold

Ny superprestasjon fra Angelina (10)

Dei har skapt musikalsk magi saman tidlegare – i sommar møttes Kringkastingsorkesteret og Angelina Jordan (10) igjen.

Angelina Jordan (10) syng "Summertime" med Kringkastingsorkesteret på Ingierstrand bad under Ønskekonserten med KORK.

SJÅ VIDEO: Angelina Jordan (10) syng "Summertime" med Kringkastingsorkesteret på Ingierstrand bad under Ønskekonserten med KORK.

– Min store draum er å synge for heile, heile, verda, seier Angelina Jordan.

– Eg ynskjer å vise kvar eg kjem frå, frå Noreg. Eg vil vise landet mitt for heile verda, for eg elskar landet mitt, seier ho.

  • Sjå Angelina synge med KORK øvst i saka.

Gir gamle songar nytt liv

Angelina Jordan

MED KORK: Angelina Jordan (10) synest det er stort å få synge med Kringkastingsorkesteret.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Angelina blei kjent då ho i 2014 vann Norske Talenter, som åtteåring, og etter dette har karrieren hennar skote fart. Ho har mellom anna sunge på TV-show både i Noreg og i utlandet, og denne gongen stod ho på scenen på Ønskekonsert med KORK.

– Det betyr veldig mykje for meg. Det er stort å spele med så mange menneske. Det blir skikkeleg fint, seier ho.

Det er heller ikkje første gong Angelina Jordan syng med KORK, og på Ingiestrand i Oslo gongen stemte ho i med «Summertime».

– Det er sommar, og songen heiter jo «Summertime», seier ho.

– Eg har lyst å gi gamle songar nytt liv.

– Som å puste

Angelina Jordan

ELSKAR Å SYNGE: Angelina Jordan elskar å synge, og når ho skulle opptre saman med KORK hadde ho kledd seg i ein kjole laga av mormora.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Den unge artisten går på Steinerskolen i Oslo, og brukar mange timar kvar dag på å øve, både på song og på piano.

– Musikk er alt. Det er heile livet mitt. Det er som å puste for meg. Eg elskar å synge, seier Jordan.

Ein stor del av motivasjonen til artisten er truleg publikum.

– Ein får så mykje kjærleik frå fansen. Når eg har ein konsert så grin mange menneske. Dei blir ganske rørte, seier tiåringen.

– Eg får veldig mykje energi fordi dei seier eg er flink og at eg må fortsette.

Programmet "Ønskekonsert med KORK" er sjå på NRK1 eller på nett-tv frå 13. august 2016 klokka 19:55.

SJÅ OGSÅ:

Angelina Jordan (10) møtte opp på Ingierstrand i Oslo for å synge på Ønskekonserten med KORK. For ho betyr musikk mykje.

SJÅ VIDEO: For Angelina Jordan (10) betyr musikk alt.

SJÅ ANGELINA SYNGE BACK TO BLACK:

Angelina Jordan synger Back to Black av Amy Winehouse backet av musikere fra KORK.

SJÅ VIDEO: Angelina Jordan har sunge med Kringkastingsorkesteret før. Her syng ho "Back to Black".

SJÅ ANGELINA PÅ LINDMO:

Angelina Jordan

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober