Hopp til innhold

Ny serie om kongen – søker etter historier frå folket

NRK lagar ein dokumentarserie om kong Harald og vil gjerne høyre frå deg som har treft på kongen og vil fortelje om dette på NRK.

HM kong Harald - kollasj

LIVET: Frå fyrste barnesteg til nå: Dokumentarserien «Kongens Norge» skal følgje kongens virke.

Foto: Arkivfoto NTK/Sølve Sundsbø, Det kongelige hoff/Henrik Laurvik, NTB

– Vi ønsker å lage denne serien frå folket sitt ståstad, seier Gitte Calmeyer, prosjektredaktør i eksternredaksjonen til NRK.

– Det er folket som skal fortelje korleis dei har opplevd kongen og kva han har betydd, legg ho til.

NRK og produksjonsselskapet Monster er i gang med «Kongens Norge», ein TV-serie om livet til Kong Harald.

Serien følgjer han frå fødsel til den eldre herren han er i dag, og har som mål å stå som ein representant for hans virke.

– Vi ønsker å sjå heile kongens liv i samanheng med korleis han har gått hand i hand med samfunnsutviklinga, seier Calmeyer og legg til:

– Og ikkje minst korleis han har klart å balansere utviklinga av det moderne Noreg utan at kongehuset har blitt forelda.

Kong Harald
Foto: Lise Åserud / NTB

Frå patriarkat til kvinnefrigjering

Kong Harald har gjennomlevd eit Noreg med store forandringar. Han vart født i 1937, og det tok ikkje mange år før han opplevde eit Noreg i krig.

Då landet vart okkupert av Tyskland reiste han, kronprinsesse Märtha og systrene hans til USA. Der oppheldt dei seg til Noreg kunne sleppe laus frigjeringsjubelen.

Han har sett Noreg utvikle seg frå eit fattig bondesamfunn til å bli eit av verdas rikaste land.

Han har vore vitne til eit Noreg som har bevega seg frå eit mannsdominert samfunn med strenge sosiale normer og kjønnsroller til då frigjeringskampen på 1970-talet sette likestilling på dagsordenen.

– Ingen historier for småe eller for store

Også han har vore eit offer for det konservative haldningar.

Kong Harald og Dronning Sonja etter kunngjøringen av forlovelsen, 19. mars 1968

KUNNGJERING: Kong Harald og Dronning Sonja etter kunngjeringa av forlovinga, 19. mars 1968.

Foto: Scanpix

Han og dronning Sonja måtte halde forlovinga hemmeleg då det på den tida var uhøyrt at ein kongeleg skulle gifte seg med ein som ikkje hadde blått blod. Men han gav seg ikkje og fekk prinsessa til slutt.

Ikkje minst er han kongen som alltid har kjempa for dei svake i samfunnet, og gått i bresjen for eit inkluderande og ope samfunn.

Dokumentarserien ønsker å kaste ljos på dette gjennom folks opplevingar med han – frå han var ung og heilt fram til i dag.

Vi søker etter folk frå heile landet, i alle aldrar og bakgrunn. Ingen historier er for småe, for store, eller for rare, understrekar ho.

Har du eller nokon du kjenner treft kong Harald og har lyst til å fortelje om dette møtet til NRK?

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober