Hopp til innhold

Ny rapport: Innvandrarar brukte norske medium for å få koronainformasjon

Ein ny rapport frå Medietilsynet visar at dei intervjua innvandrarane, føretrekker norske redaktørstyrte medium for å hente informasjon om koronaviruset.

Ung innvandrerjente med mobil på togstasjon

UNDERSØKING: Rundt 60 innvandrarar blei intervjua i undersøkinga.

Foto: Medietilsynet

I ei undersøking ønska Medietilsynet å kartleggje korleis mediebruken blant innvandrarar hadde vore under koronapandemien.

Her fann dei mellom anna ut at det er dei etablerte norske mediehusa som NRK, VG og TV 2 som har vore dei vanlegaste kjeldene til informasjon for denne gruppa under pandemien.

– Sjølv om utvalet ikkje er representativt, kan det vere ein god peikepinn på korleis norske medium har nådd ut med informasjon om koronaviruset, seier leiar i Medietilsynet Mari Velsand.

Mari Velsand

GI PEIKEPINN: Undersøkinga skal gi ein peikepinn i korleis norsk media har nådd ut til innvandrarar under pandemien.

Språket har vore ei utfordring

Sjølv om fleirtalet av deltakarane bruker norske nyheitsmedium aktivt i kvardagen, trakk fleire fram språket som ei utfordring for å få med seg ny informasjon om koronaviruset.

– Fleire har ønskt at språket skal bli enklare slik at informasjonen kan vere meir tilgjengeleg, seier Velsand

Ho påpeiker at det er viktig at ein når ut til alle med informasjon, spesielt når det gjeld informasjon knytt til saker som koronaviruset.

– Når det er snakk om liv og helse, slik det var under pandemien, er det viktig at ein kan forstå kva som blir formidla.

Wasim Zahid

TILLIT: Legen Wasim Zahid, var ein fleire trakk fram som ein viktig kjelde til informasjon.

Foto: Anniken Eidem / NRK

Har hatt tillit til enkeltpersonar

I undersøkinga var det òg fleire av dei intervjua som trakk fram legen Wasim Zahid som ein viktig kjelde til informasjon om koronaviruset.

Han har gjennom pandemien lasta opp fleire videoar på sin YouTube-kanal, kor han snakkar om korona, vaksinar og andre ting som omhandlar pandemien.

– For meg er det hyggeleg å høyre at det eg har prøvd på, nemleg å nå ut til folk med informasjon, har lykkast.

Han trur årsaka til at han kan ha vore ei viktig kjelde handlar om representasjon av minoritetar i media.

– Vi menneska kan vere litt sånn at om vi skal ha tillit til nokon, så er vi nøydde til å kjenne oss igjen i den personen som formidlar. Eg trur det er viktig at media også reflekterer det mangfaldet som er i befolkninga.

Han blir oppmuntra av at det i undersøkinga kjem fram at eit fleirtal av innvandrarane brukte norske medium for å få informasjon om koronaviruset.

– Samstundes ser vi at mange òg oppsøker informasjon frå nyheitskanalar frå heimlanda sine, det kan vere uheldig for pandemien kan vere i ulike fasar på ulike stader, og det kan vere ulike reglar og råd og gjeld i heimlanda, enn i Noreg.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober