Hopp til innhold

– Det irriterte meg noko så grenselaust

ZADAR (NRK): Odd-Bjørn Hjelmeset vart sistemann ut av «Mesternes Mester» før semifinalen. Det vart tungt å svelgje for verdsmeisteren frå Gloppen.

Odd-Bjørn Hjelmeset

SMILER LIKEVEL: Odd-Bjørn Hjelmeset tok nederlaget med eit smil. I alle fall dagen derpå.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det irriterte meg! Det irriterte meg noko så grenselaust!

Odd-Bjørn Hjelmeset har fått nederlaget litt på avstand når NRK møter han i Kroatia dagen etter at han tapte nattesten og vart slått ut av den populære NRK-serien «Mesternes mester» . Han fortel at han sleit med å sove då han kom på hotellrommet kvelden før:

– Siste gong eg såg på klokka var ho 0503. Så det sat nok lenger inne for meg å ryke ut enn det eg hadde trudd.

Den tidlegare langrennsløparen delte sisteplassen med snøbrettesset Kjersti Buaas etter at «Kroppskontroll» var konkurransetema i den sjuande episoden av den populære NRK-serien. I nattesten var det altså Buaas som var kjappast og sikra seg plass i semifinalen.

Hjelmeset fortel at han var veldig usikker på kor langt han kunne komme i konkurransen før «Mesternes Mester» starta:

– Då eg gjekk inn i dette hadde eg inga aning. Eg var med i første nattest, så eg kunne ha ryke ut først. Men så fekk eg bli med vidare, før eg rauk ut i den siste nattesten før semifinalen. Og den hadde eg skikkeleg lyst på.

Irriterande å ryke ut av Mesternes Mester

IRRITERANDE: Odd-Bjørn Hjelmeset vart kraftig irritert på seg sjølv då han rauk ut av «Mesternes Mester».

Verdsmeisteren

Den allers største bragda til langrennsløparen Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen i Nordfjord kom då han vann femmila under VM i Sapporo i 2007. I tillegg har han vore med på å vinne fire VM-gull i stafett for Noreg. Han har stafett-sølv frå OL i 2010 og individuell OL-bronse frå femmila i 2002, samt tre individuelle bronsemedaljar frå VM.

I mars 2007 vann han også den klassiske femmila i Holmenkollen.

I tillegg har Hjelmeset to NM-medaljar i friidrett. Både i 1996 og 1999 vart han nummer tre på 3000 meter hinder. Etter at han la opp som skiløpar har han halde springinga ved like.

Odd-Bjørn Hjelmeset

KLASSIKAREN: Odd-Bjørn Hjelmeset i fint driv under 15 km klassisk i Otepää, 2010.

Foto: Heiko Junge, Junge, Heiko

– Eg har drive og sprunge litt og sånn, men det er mest fordi at det er greitt å halde seg i form.

I 2013 vart han beste nordmann i New York Marathon. Men i «Mesternes Mester» fekk ikkje Hjelmeset utnytta kapasiteten sin til fulle:

– Eg har brukbar kondisjon, men den har eg ikkje fått brukt som eg skulle her, for det har berre vore to kondisjonsøvingar; sykkel og fem tusen meter. Og begge gongane var det på lag.

Hjelmeset skulle gjerne sett at det var ei individuell øving der kondisjon var det viktigaste:

– Men det var kanskje godt det òg, så eg slapp å ta meg heilt ut, smiler han lettare sjølvironisk.

– Mykje meir som burde ha komme på TV

Hjelmeset hadde aldri sett «Mesternes Mester» før han fekk tilbod om å vere med i den 11. sesongen. Etter tre hektiske veker i Kroatia forstår han kvifor rundt eit million sjåarar framleis benkar seg framfor TV på fredagskvelden:

– Eg trur alle som sit og ser på synest det er moro at folk blir slitne.

Hjelmeset og dei andre deltakarane har gitt sitt beste i alle konkurransane. Men han trur at det sosiale samspelet er aller kjekkast for folk å følgje med på:

– Vi ligg jo tre på rommet til langt på natt og pratar drit og kosar oss. Og vi er jo tilbake til der vi var då vi var aktive. Eg trur folk synest det er moro å sjå på at gamle idrettsutøvarar har det moro i lag.

Men det aller artigaste får ikkje sjåarane vere med på:

– Det er veldig mykje meir som burde ha komme på tv. Det er når kamera blir slått av og ein slepp seg litt meir laus at dei verkeleg gode historiene kjem, flirer Hjelmeset.

Og er du ein avdanka toppidrettsutøvar som brått får ein telefon frå NRK, ja då har Hjelmeset følgjande råd:

– Det kan eg seie til dei som blir spurt til neste år; sei JA! «Mesternes Mester»har vore utruleg hyggeleg. Det har overgått alle forventingar eg hadde.

Odd-Bjørn Hjelmeset

ARTIG: For Odd-Bjørn Hjelmeset vart det ei flott oppleving å få vere med på «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober