Mot slutten for Harry Potter

Sjå eksklusive intervju med Harry Potter, Ronny Wiltersen og Hermine Grang her!

Video Klart for siste Potter-film

Sjå reportasjen frå London som gjer seg klar til verdspremiere.

London: Gry Blekastad Almås
Foto: NRK

I ti år har «gompen» Daniel Radcliffe vore nesten synonymt med trollmannen Harry Potter.

– Eg grein siste dagen på filmsettet. Den dagen markerte slutten på ein æra, seier Daniel Radcliffe.

Video Intervju med Daniel Radcliffe

Intervju med Daniel Radcliffe - kjend som Harry Potter sjøl.

Torsdag er det slutt. Då er det verdspremiere på «Harry Potter og Dødstalismanene - del 2». Det er den åttande og siste filmen som følgjer Harry, Hermine og Ronny.

– Folk kjem bort til meg på gata for å seia at eg har vore ein del av barndommen deira. Det er ein fantastisk ting å høyra. Tenk at eg har brakt med så mykje spenning og magi inn i liva til andre, seier Radcliffe, som den siste tida har gjort suksess på Broadway i New York.

Video Intervju med Matthew Lewis

Intervju med Matthew Lewis, også kjend som Nilus Langballe.

London sørgjer ikkje over tapet av ein trollmann. Storbyen gjer seg heller klar for verdspremieren med pomp og prakt. Ordføraren i byen har rydda plass på sjølvaste Trafalgar Square for den raude løparen, filmstjernene og titusenvis av tilhengarar.

NRK er blant dei 60 første TV-selskapa som fekk sleppa til såkalla «junket»-intervju for verdenspressa. Her riggar skodespelarane og regissør seg til på kvart sitt hotellrom, der dei tar i mot ventande journalistar på rekke og rad.

– Filmen har meir av alt. Meir action, meir kamp og fleire trollmenn, lovar regissør David Yates.

Video Intervju med regissør David Yates

Intervju med David Yates, regissør for den siste Harry Potter-filmen.

– Filmen handlar om å ha mot til å gjera det rette. Om venskap, død og det å gå vidare, seier Emma Watson.

Les: «Hermine» er blitt motestjerne

Ho har lært mykje av å følgja karakteren Hermine, som veks opp til å bli ei sterk og uavhengig kvinne.

– Å sjå utviklinga til Hermine har vore fantastisk, seier Watson.

Trass i at ho er blitt ein erfaren skodespelar, gruar ho seg likevel til verdspremieren på Trafalgar Square. Der er det venta 40 000 besøkande.

– Heile den greia med raud løpar gjer meg nervøs. Det er vanskeleg å vita korleis eg kan leva opp til forventingane til folk, innrømmer ho.

Video Intervju med Hermine - Emma Watson

Intervju med Emma Watson som er betre kjend som Hermine i Harry Potter-filmane.

Venskap er den sterkaste bodskapen i bøkene og filmane om Harry Potter, meiner Rupert Grint som speler Ronny Wiltersen.

– Det sterke bandet mellom Ronny, Hermine og Harry fungerer som eit våpen. Sjølv har eg lært at det er viktig å ha vener og folk rundt seg som bryr seg om ein, seier Grint.

Han seier til NRK at han likar Noreg, og håpar han kjem snart att. Han spelte nyleg inn «Comrades», ein krigsfilm regissert av Peter Næss, på norsk jord.

Les: Internasjonale stjerner klare for den norske fjellheimen

Video Intervju med Rupert Grint

Intervju med Harry Potters beste ven Ronny Wiltersen som speles av Rupert Grint.

Video Intervju med Tom Felton

Intervju med Tom Felton, kjend som den vondskapsfulle Draco Malfang.

For første gong kjem ein «Harry Potter»-film i 3D, ein teknikk som regissør David Yates eigentleg er skeptisk til.

– 3D-effekten blir ofte brukt på ein svært dårleg måte. Eg har ei konservativ tilnærming til 3D, og brukar den nesten som musikk. Effekten tonar eg ned når filmen blir nær og intim, seier Yates.

Filmane er basert på bøkene til J. K. Rowling, som har seld utrulege 400 millionar eksemplar. Rowling skapa eit magisk univers som har prega ein generasjon barn over heile verda.

Les: Se den siste Harry Potter-traileren

Med siste Harry Potter-filmen blir kampen mellom det gode og det vonde avslutta. Talande nok står det «It all ends» på filmplakatane. Alt sluttar.

Harry Potter
Foto: Evan Agostini / Ap

Kva forventningar har du til den nye Harry Potter-filmen? Diskuter her!

Kulturstrøm

  • Filmstjernen arrestert mange ganger

    Den 81-årige filmstjernen Jane Fonda er lidenskapelig opptatt av klimakampen. Og hun er ikke redd for å bli lagt i lenker for saken.
  • «Helsesista» får dialektpris

    «Helsesista»Tale Maria Krohn Engvik bruker ålesundsdialekt når hun kommuniserer og når ut til tusenvis av ungdom. Nå får hun Dialektprisen 2019. Prisen deles ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Leder i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, påpeker at Krohn Engvik (40) er opptatt av å bruke et språk som ungdom forstår.

    – At det språket er hennes egen ålesundsdialekt, er viktig for å tydeliggjøre at man ikke trenger å bruke oslodialekt for å nå ut over hele landet, sier leder Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom.

    Cappelen Damm presenterer høstens bøker
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix