Hopp til innhold

Ny film om Kleopatra splittar nettet

Angelina Jolie eller Lady Gaga kan få rolla som Kleopatra i ny film. Men mange meiner den egyptiske dronninga ikkje kan bli spelt av ei kvit kvinne.

Angelina Jolie

Dei seinare åra har Angelina Jolie brukt meir tid på jobben som spesialutsending for FNs høgkommisær for flyktningar og som filmregissør, enn som skodespelar. Men no skal ho vere ein av favorittane til hovudrolla som Kleopatra i ein ny storfilm.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Historia om Kleopatra har vore filmatisert fleire gongar. Den best kjente filmen er kanskje «Cleopatra» frå 1963 med Elizabeth Taylor i hovudrolla. Filmen var ein av dei dyraste som var laga på den tida, og fekk fire Oscar-prisar.

No ønsker Sony å lage ein ny film, og ifølgje rykta står valet mellom Angelina Jolie og Lady Gaga. Ein Sony-tilsett seier til Daily Star at dei ønsker seg ein film med ein meir moderne vri.

– «Cleopatra» var i si tid eit storslått historisk drama, men den nye filmen skal bli ein blodig politisk thriller frå eit feministisk perspektiv.

Jolie var også aktuell for rolla allereie i 2010. Då var det «Avatar»-regissør James Cameron som skulle regissere ein film i 3D. Men då blei prosjektet lagt på is.

Tett konkurranse

Angelina Jolie har dei siste åra brukt mest tid bak kamera. I tillegg har ho vore spesialutsending for FNs høgkommisær for flyktningar. Men dersom ho ønsker å kome tilbake som skodespelar, meiner mange at rolla som Kleopatra kan vere ein god plass å starte.

Laster Twitter-innhold

Og sidan ho allereie har vore inne i prosjektet tidlegare, blir ho rekna som ein favoritt.

Men samtidig er det mange som er imponert over innsatsen til Lady Gaga i nyinnspelinga av «A Star Is Born». Filmen vann nyleg ein Golden Globe, og er også spådd å få fleire Oscar-nominasjonar.

Lady Gaga-fans ser gjerne at ho blir den nye Kleopatra.

Laster Twitter-innhold

Protestar

Men det at det nok ein gong er to kvite kvinner som kjempar om den gjeve rolla, har fått mange til å reagere. Sjølv om Kleopatra skal ha hatt greske aner, gjorde arkeologar funn i 2009 som kan tyde på at mora hennar var afrikansk, skriv BBC.

På nettet blir det no samla underskrifter for å protestere. Der over 3.800 skrive under så langt.

På sosiale medium har fleire også skrive at ei synest at det er ein dårleg idé å ha ei kvit kvinne i rolla. I staden foreslår dei artistar som Beyoncé og Rihanna som alternativ til rolla.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Også den transkjønna skodespelaren Laverne Cox, blant anna kjent frå Netflix-serien «Orange Is the New Black», kastar seg inn i diskusjonen ved å vise til at den svarte sopranen Leontyne Price spelte Kleopatra på Metropolitan Opera i 1966.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje Daily Star er Sony veldig usikker på kven som skal få rolla. Rykta seier at det kan bli audition, og det er veldig uvanleg for ei så stor rolle.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.