Hopp til innhold

– Var veldig nervøs

ZADAR (NRK): Kari Mette Johansen sleit med nervar før konkurransane i «Mesternes Mester». I kveld var det over for den doble OL-meisteren

Kari Mette Johansen fortel at ho var veldig nervøs før konkurransane under Mesternes Mester

BÅDE GODT OG VONDT: Kari Mette Johansen fortel om å kjenne på konkurransenervane igjen.

Kari Mette Johansen var kjent for hurtigheten sin på handballbana. Men i nattesten mot Eirik Verås Larsen vart ho akkurat litt for sein i ei svært spennande konkurranse:

– Det var små marginar som gjorde at det vart sånn. Men det er jo sånn det er her. Det har vore veldig jamt i veldig mange øvingar, og det er liksom små ting som gjer at ein kjem sist.

Lite tid til trening

Få norske handballspelarar har vunne like mykje som Kari Mette Johansen. Venstrekanten som la opp i 2014 kan sjå tilbake på 203 landskampar som gav henne to OL-gull og eitt VM-gull, både VM-sølv og bronse, samt heile fire EM-gull. I tillegg har ho vunne Champions League og cupvinnarcupen for Larvik og tatt 12 seriegull og 11 noregsmeisterskap.

Kari Mette Johansen

OLYMPISK MEISTER: Kari Mette Johansen med sitt andre OL-gull i 2012. Handballjentene gjekk til topps i OL både i 2008 og 2012, og Johansen var med begge gongane.

Foto: Rune Jensen/NRK

Ho fortel at ho vart veldig glad då ho fekk spørsmål om ho ville bli med i den populære NRK-serien «Mesternes mester» . Men så mykje trening rakk ikkje tobarnsmora før avreise til Kroatia:

– Eg bestemte meg før eg reiste at eg skulle prøve å nyte opplevinga og kjenne på det å konkurrere igjen. Så er det jo ikkje sånn at eg har slutta å trene, men eg får berre ikkje trent like mykje som eg gjorde før.

Ho vart overraska då konkurransenervane viste seg å vere minst like sterke som då ho var aktiv:

– Det er jo berre ein lek, men eg har kjent på den nervøsiteten eg hadde før eg skulle spele viktige kampar. Det har vore både godt og vondt å kjenne på det igjen.

Tok utdanning tidleg

41-åringen frå Fredrikstad bur i dag i Sandefjord og jobbar som lærar på ein barneskule.

Då ho kom til Larvik som 19-åring var ho fast bestemt på at ho skulle gjere unna utdanninga si. Då ho debuterte på landslaget i 2004 var ho alt ferdig utdanna adjunkt:

Kari Mette Johansen

LYNVINGEN: Kari Mette Johansen var ein lynrask venstrekant både på landslaget og Larvik. Her jublar ho etter scoring i ein landskamp i 2012.

Foto: JAVIER SORIANO / Afp

– Eg er veldig glad for det i dag, for du veit aldri kva som skjer som idrettsutøvar. Du kan bli skadd og mykje kan skje undervegs, og det å ha noko å falle tilbake på var veldig viktig for meg.

Johansen fortel at ho ofte har bruk for erfaringa si frå toppidretten i undervisninga:

– Eg lærer elevane litt om korleis ein kan handsame kvardagslege ting. Korleis ein kan tenkje når ein har litt dårleg periodar til dømes. Så eg føler at eg får brukt det pedagogisk på skulen, og at eg har litt igjen for å ha drive med toppidrett.

Vanskeleg å vere borte frå borna

Kari Mette Johansen kosa seg under innspelinga av «Mesternes Mester» i områda rundt den historiske byen Zadar i Kroatia:

– Det har vore heilt fantastisk, ei super oppleving med ein herleg gjeng.

Men ho syntest det var vanskeleg å vere så lenge borte frå dei to borna sine på to og seks år. Heldigvis hamna ho på rom med Ingvill Måkestad Bovim som kjende på det same:

– Vi har jo born på same alder, og det å få sakne borna saman og kjenne litt på dei same kjenslene var veldig fint. Vi hadde mange gode samtaler, eigentleg.

I tillegg vart det mykje felles humor saman med dei andre konkurrentane. Særleg tospannet Vidar Riseth og Oddbjørn Hjelmeset bidrog til å løfte humøret i deltakarhuset.

– Eg har sjeldan fått trent magemusklane så mykje som eg har fått gjort her nede i desse tre vekene. Og det er mest latter, altså. Vi har veldig lik humor og har ledd av dei same tinga. Så då blir det ekstra gøy då.

Kari Mette Johansen

TRIVST I LIVET: Kari Mette Johansen fortel at ho saknar toppidretten innimellom, men at ho trivst veldig godt i det livet ho har no også. Ho håpar å kunne følgje idretten gjennom barna sine etter kvart.

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP