Hopp til innhold

MGP-juryen stemte utan å ha sett finaleshowet

Folkejuryen i MGP stemte ut frå studioinnspelingane og ikkje sceneframføringa, seier prosjektleiar Stig Karlsen. Han avviser at det er aktuelt å stemme på nytt.

Finalen Melodi grand prix

Ulrikke Brandstorp vann finalen i MGP i Trondheim spektrum laurdag. Det skjedde etter at systemet for avstemming først braut saman.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Mange har reagert etter at stemmesystemet under finalen som skulle markere 60-årsjubileet til Melodi Grand Prix, braut saman under direktesendinga laurdag.

I staden blei det ein folkejury på 30 personar som valde kva fire artistar som skulle gå vidare i konkurransen. Juryen var ei reserveløysing om det skulle oppstå problem. Dei leverte stemmene sine fredag, utan å ha sett liveshowet seier prosjektleiar for MGP, Stig Karlsen.

– Vi meiner difor alle bidraga er vurdert på likt grunnlag, seier han.

Stig Karlsen avviser at det er aktuelt å stemme på nytt.

Karlsen seier at artistane blei informert om folkejuryen og kva kriterium dei skulle bruke i avstemminga 10. januar i år.

– Eg har vore i kontakt med fleire av artistane, og har bede om at vi kan ta ein prat. Fleire av dei tek det som skjedde fint, medan andre synest det var leit at det ikkje var ein brei folkejury som stemte heile vegen.

NRK seier medlemmane i folkejuryen var vanlege TV-sjåarar, og at det ikkje er aktuelt å gå ut med namna på kven desse er, men dei har ikkje tilknyting til verken NRK eller musikkbransjen.

Uaktuelt med stemme på nytt

Like før det blei annonsert kven folkejuryen hadde stemt vidare, var systemet oppe og stod igjen. Men det var uaktuelt å starte ei avstemming blant folket då.

– Vi jobba på spreng undervegs i sendinga for å få stemmesystemet opp og gå igjen, og då det var oppe igjen, var vi komne på eit tidspunkt i sendinga der vi allereie var på overtid av programmet.

Stig Karlsen, prosjektleder for MGP

MGP-sjef Stig Karlsen seier folkejuryen var ei reserveløysing om det skulle oppstå ein ekstraordinær situasjon. Han seier artistane blei informert om dette i januar.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Karlsen seier at stemmene som kom inn frå folkejuryen også viste ein tendens som samsvarte med dei stemmene som kom inn gjennom stemmesystemet i dei to siste rundane.

Men sjølv om enkelte har kravd å få stemme på nytt i finalen, seier Karlsen det ikkje er aktuelt.

– Eg forstår at det er eit stort engasjement der ute, og at enkelte meiner dei ikkje blei høyrde. Men no var det storfavoritten som vann. Ulrikke har vore ein tydeleg storfavoritt både hos bookmakerar og fansen. Ho har fått høge terningkast. Men eg forstår at folk er opprørt. MGP er eit show som skaper engasjement.

For stort engasjement

Nytt av året var at all avstemming skulle skje på nettet, og ikkje på SMS og nettstemmer som i fjor. Leiar for Publikumsprodukt i NRK, Inge Thorud, seier dette er gjort for å betre brukaropplevinga for publikum.

– Når vi tek i bruk nettavstemming, gir det også betre moglegheiter til å skape engasjement hos publikum undervegs i slike direktesendingar.

Men då dei såg kor stort engasjementet undervegs i finalen var, valde dei å skru av moglegheitene til å sende emojiar når songane blei framførte.

– Det viktigaste var at folk skulle få stemme fram favoritten sin. Då vi oppdaga det enorme engasjementet med hjarte og tomlar, skrudde vi av for å sikre at avstemminga skulle gå som normalt.

Men det ser likevel ut til at det var 38 millionar emojiar som gjorde at systemet knelte. I dei fem delfinalane kom det til saman 57 millionar emojiar.

– Vi forberedt på eit markant auka engasjement til finalen, og jobbar no med å finne ut kva som gjekk gale undervegs i går, og korleis vi kan unngå det i framtida.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)