Hopp til innhold

NRK-programleiarar ramma av korona

Det vart krise i «Kåss til kvelds» da Else Kåss Furuseth og Markus Nerby vart slåtte ut av korona tidlegare denne veka. Programmet i kveld blir redda av at dei leiar det heile som hologram.

Kåss til kvelds Stemningsbilde NRK TV

KORONA-SJUKE: På grunn av at Else og Markus har vore koronasjuke blir sesongfinalen til «Kåss til kvelds» litt annleis.

Alle raudljos gjekk i NRK da begge programleiarane fekk konstatert korona. Korleis skulle dei få det siste programmet i sesongen på lufta?

Else Kåss Furuseth og Markus Neby var sengeliggande, men programmet vart redda av ein oppfinnsam redaksjon.

– Vi vart så klart bekymra då det vart påvist koronasmitte i redaksjonen. Heldigvis var det ikkje fleire enn Else og Markus som vart sjuke.

– Redaksjonen jobba knallhardt med å finne ei løysing, og takka vere ein kreativ idé frå bildeprodusent og teamets stå-på-vilje kom vi i mål, seier prosjektleiar Thea Flinder.

For kva har James Bond, 2Pac, ABBA, Else Kåss Furuseth og Markus Neby til felles?

Jo, dei har alle gjenoppstått som hologram.

Else og Markus i sesongfinalen til «Kåss til kvelds».

– Det var intenst

– Eg har alltid drøymt om å bli eit hologram, sjølv om det var synd at det var korona som måtte til, seier Else Kåss Furuseth.

– Det er fint nå at vi ikkje berre fjernar korona-skamma, men også hologram-skamma som ABBA har måtta stå i aleine nå, legg ho til med glimt i auge.

Også Markus Neby er fornøgd med den tekniske løysinga.

– Eg er stolt av å vere det fyrste hologrammet som også har korona. Det var intenst, men flott. Det kjentest som at eg var ein del av noko unikt, seier han med ein dose humor.

Else og Markus som hologram.

HOLOGRAM: Else og Markus med ei unik avslutning på sesongen.

Foto: NRK

– Følte meg som ein mørbanka biff

Grunnen til at Else og Markus leiar sesongfinalen av «Kåss til kvelds» som hologram er fordi dei begge har vore sjuke med korona den siste tida.

Begge beskriv det som ein kraftig influensa.

– Eg følte meg som ein mørbanka biff, men humøret var béarnaise. Altså humøret var godt, fortel Else.

Markus samanliknar det med den populære grønsaka avokado:

– Det var som om hovudet var ein avokado som vart konstant trykka på for å sjekke om den var moden. Men eg var også béarnaise som Else, eller kanskje meir ein raudvinssaus. Kva enn det betyr, seier han og ler.

Else Kåss Furuseth syk.

SJUK 1: Else Kåss Furuseth heime med korona.

Markus Neby framfor grøn skjerm i forbindelse med hologram-opptak.

SJUK 2: Ein sjuk Markus Neby framfor den grøne skjermen i forbindelse med opptak av siste sending.

Markus Nebys heimestudio i forbindelse med hologram-opptak til Kåss til Kvelds.

HEIMESTUDIO: Slik såg det ut heime hos Markus Neby etter at ting vart pakka ned.

Else Kåss Furuseth og Markus Neby framfor grøn skjerm i forbindelse med siste sending av Kåss til Kvelds

GRØN SKJERM: Else og Markus gjer seg klare for opptak.

Else Kåss Furuseth og Markus Neby framfor grøn skjerm i forbindelse med siste sending av Kåss til Kvelds

OPPTAK: Else og Markus spelar inn sesongfinalen til Kåss til Kvelds.

– Heldige

Begge understrekar at dei er fullvaksinerte, i tillegg er dei svært takksame for at dei ikkje vart dårlegare enn det dei var.

– Vi er også heldige med at vi har ein unik posisjon i det yrket vi har. Vi kan faktisk gjere jobben vår som hologram, seier Else.

– Er du for eksempel ein reguleringstannlege, så kan du ikkje berre sende eit hologram i staden for. Lars Monsen kan jo ikkje sende eit hologram på tvers av Canada. Det viser også kor lite viktig jobben vår er, legg ho til.

Kåss til kvelds 13.11.21

TRIO: Med All Respekt-programleiar Abubakar «Abu» Hussain (t.v.), skodespelar Josefine Frida og komikar Espen Ecbko.

kåss til kvelds stemningsbilde01

LATTER: Else Kåss Furuseth saman med skodespelar Emilie Skolmen.

Kåss til kvelds 06.11.21

RAMPATE: Lege, komikar og programleiar Trond Viggo saman med VGTV-programleiar Vegard Harm.

Kåss til kvelds 16.10.2021

HISTORIE: Moteredaktør Vanessa Rudjord og skodespelar Kjartan Lauritzen fortalde historier då dei gjesta «Kåss til kvelds» i haust.

Kåss til kvelds 11.09.2021

OVERRASKA: 4ETG-programleiar Martha Leivestad og skodespelar Sara Khorami i samtale i sofaen.

Kåss til kvelds 11.09.21 Stemningsbilde NRK TV

GOD STEMNING: Komikar og skodespelar Odd Magnus Williamson i full latter i «Kåss til kvelds».

– Blir ein festkveld

Else og Markus fekk tilsendt det tekniske utstyret for å rigge opp grøn skjerm og andre ting som var nødvendig for å få det heile til å fungere.

– Eg lurer på kva naboen tenker. Det ser ut som at eg dyrkar noko hemmeleg heime. Det ser rett og slett ut som at eg har ein liten hasjplantasje, seier Else og humrar.

Den grøne skjermen er nå tatt ned, og både Else og Markus lovar at det blir god stemning på laurdag.

– Vi har pynta oss til fest!! Vi har også med KORK! Hadde aldri trudd eg skulle få delta i eit nummer med verkemidla orkester, hologram og korona, men nå skjer det!, fortel Markus.

– Det blir ein festkveld!, avsluttar Else.

Sjå «Kåss til kvelds» i NRK 1 laurdag kl. 21.15 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.