Alle raudljos gjekk i NRK da begge programleiarane fekk konstatert korona. Korleis skulle dei få det siste programmet i sesongen på lufta?
Else Kåss Furuseth og Markus Neby var sengeliggande, men programmet vart redda av ein oppfinnsam redaksjon.
– Vi vart så klart bekymra då det vart påvist koronasmitte i redaksjonen. Heldigvis var det ikkje fleire enn Else og Markus som vart sjuke.
– Redaksjonen jobba knallhardt med å finne ei løysing, og takka vere ein kreativ idé frå bildeprodusent og teamets stå-på-vilje kom vi i mål, seier prosjektleiar Thea Flinder.
For kva har James Bond, 2Pac, ABBA, Else Kåss Furuseth og Markus Neby til felles?
Jo, dei har alle gjenoppstått som hologram.
– Det var intenst
– Eg har alltid drøymt om å bli eit hologram, sjølv om det var synd at det var korona som måtte til, seier Else Kåss Furuseth.
– Det er fint nå at vi ikkje berre fjernar korona-skamma, men også hologram-skamma som ABBA har måtta stå i aleine nå, legg ho til med glimt i auge.
Også Markus Neby er fornøgd med den tekniske løysinga.
– Eg er stolt av å vere det fyrste hologrammet som også har korona. Det var intenst, men flott. Det kjentest som at eg var ein del av noko unikt, seier han med ein dose humor.
– Følte meg som ein mørbanka biff
Grunnen til at Else og Markus leiar sesongfinalen av «Kåss til kvelds» som hologram er fordi dei begge har vore sjuke med korona den siste tida.
Begge beskriv det som ein kraftig influensa.
– Eg følte meg som ein mørbanka biff, men humøret var béarnaise. Altså humøret var godt, fortel Else.
Markus samanliknar det med den populære grønsaka avokado:
– Det var som om hovudet var ein avokado som vart konstant trykka på for å sjekke om den var moden. Men eg var også béarnaise som Else, eller kanskje meir ein raudvinssaus. Kva enn det betyr, seier han og ler.
– Heldige
Begge understrekar at dei er fullvaksinerte, i tillegg er dei svært takksame for at dei ikkje vart dårlegare enn det dei var.
– Vi er også heldige med at vi har ein unik posisjon i det yrket vi har. Vi kan faktisk gjere jobben vår som hologram, seier Else.
– Er du for eksempel ein reguleringstannlege, så kan du ikkje berre sende eit hologram i staden for. Lars Monsen kan jo ikkje sende eit hologram på tvers av Canada. Det viser også kor lite viktig jobben vår er, legg ho til.
– Blir ein festkveld
Else og Markus fekk tilsendt det tekniske utstyret for å rigge opp grøn skjerm og andre ting som var nødvendig for å få det heile til å fungere.
– Eg lurer på kva naboen tenker. Det ser ut som at eg dyrkar noko hemmeleg heime. Det ser rett og slett ut som at eg har ein liten hasjplantasje, seier Else og humrar.
Den grøne skjermen er nå tatt ned, og både Else og Markus lovar at det blir god stemning på laurdag.
– Vi har pynta oss til fest!! Vi har også med KORK! Hadde aldri trudd eg skulle få delta i eit nummer med verkemidla orkester, hologram og korona, men nå skjer det!, fortel Markus.
– Det blir ein festkveld!, avsluttar Else.
Sjå «Kåss til kvelds» i NRK 1 laurdag kl. 21.15 eller når du vil i NRK TV.