Hopp til innhold

NRK nyheiter om­organiserer for å møte framtida

Eit av dei viktigaste måla med omorganiseringa er å styrke NRKs posisjon på mobil.

nrk

FRAMLEIS FLAGGSKIP: NRK vil ta vare på flaggskipa, som Dagsrevyen, samstundes som det blir satsa digitalt.

– Det viktigaste vi skal drive med framover er framleis journalistikk og historieforteljing. Men publikum har flytta på seg. For å nå ut, må vi vere der publikum er, seier nyheitsdirektør i NRK, Alexandra Beverfjord.

NRKs nyheitsarbeid blir delt i tre: ei direktelinje, ei faglinje og ei programlinje.

Direktelinja vil ha ansvar for oppdatering på alle plattformer. Under programlinja finn vi program som Dagsrevyen, Nyhetsmorgen, Dagsnytt 18 og Kveldsnytt og i faglinja vil det bli produsert journalistisk innhald innanfor spesifikke fagfelt.

– Ikkje eit ned­bemannings­prosjekt

NRKs nyheitsdirektør meiner at sjølv om NRK er i ein unik posisjon må mediehuset utnytte ressursane riktig i ei verd der folk sine medievanar endrar seg stadig hurtigare.

Nyhetsdirektør i NRK, Alexandra Beverfjord

VIL RIGGE FOR FRAMTIDA: Nyheitsdirektør i NRK, Alexandra Beverfjord deler nyheitsdivisjonen i tre.

Foto: NRK

– Med denne modellen er vi best mogleg rigga for framtida. Vi tek vare på flaggskipa våre i tillegg til at vi gjer eit digitalt løft, meiner nyheitsdirektør i NRK, Alexandra Beverfjord.

I ein overgangsperiode vil det bli jobba etter gammal organisering, samstundes som den nye blir etablert.

– Vi har forståing for at dette vil krevje mykje av medarbeidarane, men vi er trygge på at dette er dei riktige grepa for å styrke nyheitsarbeidet. Kvar enkelt skal bli varetatt i den prosessen som nå startar, seier Beverfjord.

Fryktar for kvalitet og arbeidspress

NRKs tillitsvalde hadde opphavleg ønska ein litt annan modell enn den leiinga har landa på.

Laila Ø. Bakken

DELER AMBISJONEN: Men divisjonstillitsvalt Laila Bakken fryktar for at reknestykket ikkje går opp.

– Den modellen vi ønska trur vi hadde vore meir straumlinjeforma i kvardagen. Når det ikkje blei teke til følge, har vi valt å bidra med ulike forslag for å forbetre leiinga sin føretrekte modell, seier divisjonstillitsvalt i nyheitsdivisjonen, Laila Bakken.

Ifølge Bakken er fagforeininga si største bekymring om det er bemanning og ressursar nok når ambisjonar og kvardag møtast.

– Vi deler ambisjonen om å vere best, uansett produkt eller plattform, men fryktar for kvalitet og arbeidspress viss reknestykket ikkje går opp. Arbeidsbelastninga har økt dei siste åra på grunn av kutt og turnustilstrammingar, og ikkje alle miljø toler noko særleg meir utan at det vil gå på kvaliteten laus, seier Bakken.

Ifølge Beverfjord er omorganiseringa ikkje eit nedbemanningsprosjekt.

– Vi blir fleire i Nyhetsdivisjonen etter omorganiseringa, ikkje færre. Dette er ei satsing. Men NRK Nyheter må som alle andre nyheitsmedium flytte ressursbruken til dei plattformene publikum flyttar seg til.

Leiarkabalen i den nye organisasjonen er delvis lagt. Kyrre Nakkim blir programredaktør, Åse Westrum blir administrativ redaktør og Anders Børringbo og Stein Bjøntegaard blir nyheitssjefar saman med ei tredje stilling som vil bli lyst ut.

Lyst ut blir også stillingane som direkteredaktør, fagredaktør, digital utviklingssjef og redaksjonell nettanalytikar. Stillingane vil bli lyst ut både internt og eksternt. Deretter blir den andre leiinga bemanna, og til slutt andre medarbeidarar.

Målet er å vere over i ny organisasjon i mai i år.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.