67.000 personar i aldersgruppa 20 til 29 år såg heile valkvelden på NRK, samanlikna med 42.000 i 2011.
– 20- til 29-åringane er flyktige mediebrukarar. Difor er det ein ekstra sterk prestasjon å nå dei på tradisjonell TV, seier NRKs analysesjef Kristian Tolonen.
Han understrekar at NRK framleis er førstevalet til alle aldersgrupper. Totalt såg 757.000 den første delen av valnatta mellom klokka 19.30 og 23.00.
– Meir nærleik enn tidlegare
Prosjektleiar for NRKs valdekning, Linn Sandberg Skarstein, er svært nøgd med å nå ungt.
– Vi har gjort det utruleg sterkt i målgruppa 20 til 29 år gjennom heile valdekninga. Det har vi fått til ved å vidareføre ein del grep vi tok ved førre stortingsval, seier ho.
P3 har også stått sentralt i dekninga. Verdens Rikeste Land og Leo Ajkic har vore medprogramleiarar i dei store valdebattane.
– Vi ynskja å dekkje valet på ein måte som er meir tilgjengeleg for folk, samtidig som vi har halde på substansen i dekninga. Kanskje dei unge likar at vi dekkjer dette kommunevalet lokalt. Vi har hatt meir nærleik enn vi har hatt tidlegare, og det andre medier har hatt no, seier ho.
Mange tok også Valgomaten til NRK på nett, totalt 778.000.