Hopp til innhold

NRK droppar tredje sesong av «Heimebane»

Det blir ingen sesong tre av «Heimebane» på NRK. No ser produksjonsselskapet seg om etter andre som kan vere med å lage ein siste sesong.

Espen Eide (Morten Svartveit) og Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp)

IKKJE EKSTRAOMGANGAR: «Heimebane» med blant andre Morten Svartveit (t.v.) og Ane Dahl Torp i leiande roller, var tenkt som ein serie i to sesongar. Produsentane meiner dei har historier til ein tredje sesong, men NRK finn ikkje plass på budsjettet, og har difor valt å takke nei.

Foto: Motlys

Etter to sesongar av «Heimebane» på NRK er det altså slutt. Serien om det fiktive fotballaget Varg frå Ulsteinvik på Sunnmøre, fekk god mottaking både blant sjåarar og kritikarar.

Serien har blant anna ført til diskusjonar rundt kjønnsroller i norsk fotball, seksuell trakassering og homofili.

I utgangspunktet var det tenkt berre to sesongar av serien, men produksjonsselskapet Motlys leverte eit forslag om ein tredje sesong. Det måtte NRK takke nei til etter å ha gjort grundige vurderingar, seier dramasjef Ivar Køhn.

– Vi vurderte planane om ein tredje sesong, men til sjuande og sist blir det ei prioritering mellom prosjekt og kva vi kan få til innanfor dei rammene vi har. Og då valde vi å ikkje gå vidare med ein tredje sesong.

Krigsseriar

Køhn vil ikkje seie noko kva prosjekt den tredje sesongen av «Heimebane» blei vurdert opp mot. Men dersom NRK skulle ha gjeve grønt lys for ein tredje sesong av serien, ville han vore sendeklar tidlegast i 2021.

Det er allereie kjent at store og påkosta seriar er tenkt på lufta det året. Den eine er «Atlantic Crossing» om kronprinsfamilien sin flukt til USA under andre verdskrigen. Rett før sommaren blei dei siste scenene i serien, heimkomsten til Noreg, spelt inn på Rådhuskaia i Oslo.

Atlantic Crossing

KLAR I 2021: Sofia Helin (t.v.) spelar kronprinsesse Märtha i serien «Atlantic Crossing», medan Tobias Santelmann spelar kronprins Olav. Serien skal etter planen på lufta i 2021

Foto: Julie Vrabelova / Cinenord/NRK

Den andre serien er basert på den populære bokserien «En sjøens helt» av Jon Michelet. Dette blir ein av dei dyraste NRK-produksjonane nokon gong. Første sesong er tenkt på lufta i 2021 eller i 2022.

Vurderer alternativ

Men sjølv om NRK har takka nei til ein tredje sesong av «Heimebane», jobbar Motlys vidare med å få realisert serien på andre måtar, seier produsent Vilje Hagen til Kampanje.

– I dialog med NRK ser vi på eit mogleg samarbeid med andre strøymetenester fordi vi meiner vi har meir på hjartet og gjerne vil lage ein sesong til.

Ho seier manusforfattar Johan Fasting allereie er i gang med å skrive ein ny sesong.

For NRK er det uproblematisk at dei no prøver å gi serien ein sesong til på ein annan plattform, seier Køhn.

– Vi har eit godt forhold til Motlys. Dei ser no på andre måtar å få finansiert den tredje sesongen på, og vi har ein god dialog med dei i denne prosessen.

Den andre sesongen av serien hadde eit snitt på over 800.000 sjåarar, og nesten halvparten av dei såg serien på strøymetenesta NRK TV. Måndag blei det også kjent at serien er nominert til den nordiske kritikarprisen Seriedagene Awards.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.