Hopp til innhold

Norske kyrkjer er framleis i fritt forfall

Trass i at regjeringa lova i 2014 å ta tak i problemet, forfell norske kyrkjer. Restaureringa kjem til å koste milliardar, og uroa blant kyrkjetilsette veks.

Taket repareres på Ringsaker kirke

STILLAS I 10 ÅR: Det vert brukt så lite pengar på restaureringa av taket på Ringsaker kyrkje, at arbeidet truleg kjem til å ta 10 år før det er ferdig.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Kirkevergen i Ringsaker Kai Ove Berg

BRUDEPAR TAKKAR NEI: Fleire brudepar har velt å gifte seg i andre kyrkjer på grunn av stillasa, seier kyrkjeverje Kai Ove Berg.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Ringsaker kyrkje er rekna for å vere ei av Norges mest spektakulære kyrkjene frå mellomalderen. Men dei siste fem åra har bygget vore meir eller mindre dekka av stillas.

– Det er ganske skjemmande å ha eit stillas ståande så lenge rundt ei kyrkje frå mellomalderen. Brudepar har valt vekk kyrkja vår på grunn av stillasa, seier kyrkjeverje Kai Ove Berg.

Kirker forfaller

TETTAR TAKET: Taket i Ringsaker kyrkje er ikkje tett.

Foto: NRK

Stillasa han siktar til kjem ikkje til å forsvinne med det første.

– Målet er å tette heile taket. Det kjem til å ta om lag 10 år før vi vert ferdig med arbeidet. Med større økonomiske musklar kunne vi ha arbeida ein god del fortare, seier Berg.

Treng 10 milliardar

I 2010 var norske kyrkjer i så dårleg stand at det ville koste 10 milliardar å ruste dei opp. I 2014 var kvar fjerde kyrkje i for dårleg stand, ifølgje rapporten «Felles eie, felles ansvar».

Thorhild Widvey

LOVA HANDLING: Tidlegare kulturminister Thorhild Widvey.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Dåverande kulturminister, Thorhild Widvey, sa i 2014 at regjeringa jobba med problemet.

– Vi skal lage ein plan og få ein oversikt over kva kyrkjene treng. Vi kjem tilbake når planen er klar, sa Widvey.

Også i Stortinget forplikta regjeringa seg til å utarbeide ein plan for kyrkjerestaureringa, men denne er framleis ikkje klar.

– Det har ikkje skjedd noko

Anne Tingelstad Wøien

VIL GJE MEIR PENGAR: Anne Tingelstad Wøien (Sp) meiner kommunane burde få meir pengar til vedlikehald.

Foto: ked

– Etter mitt syn har det ikkje skjedd noko. Eg skulle ønskje at ting skjedde fortare, seier Anne Tingelstad Wøien, stortingspolitikar for Senterpartiet.

Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for kyrkjene, og det er kommuneøkonomien som avgjer kor mykje pengar som blir brukt på vedlikehaldet. Wøien vil sikre meir pengar til kommunane.

– Det er eit samla storting som har gått inn for å ta vare på desse gamle kulturminna, seier Wøien

Bård Folke Fredriksen (H), statssekretær i kulturdepartementet, seier at regjeringa jobbar med saka. Han meiner det er for tidleg å seie når ein ferdig plan vil vere i hamn.

Bård Folke Fredriksen

VIL VENTE: ​Bård Folke Fredriksen (H) meiner det er for tidleg å lage ein plan for restaureringa.

Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

– Frå 1. januar kjem stat og kyrkje til å skilje lag som organisasjonar. Då skal det lagast ein ny lov for tru- og livssynssamfunn. Dersom ein skal endre på ansvaret kommunane har for vedlikehald av kyrkjebygga, må det bli sett på i den samanhengen, seier Fredriksen.

Mellom 40 og 60 år

I Ringsaker prosti vil det koste mellom 100 og 115 millionar kroner å sette alle kyrkjene i brukbar stand.

– No er det kommunen som er betalar. Med den ekstraordinære kostnadsramma på ein og ein halv million, så vil det ta mellom 40 og 60 år før målet er nådd, seier kyrkjeverje Berg.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober