Hopp til innhold

Norsk-suksess for Maria Mena: – Eg kjenner meg litt meir omfavna av bygda no

Sterke historier frå bygda om ulikskap og kjærleik på norsk får nordmenn til å lytte på Spotify. Størst av alle i 2021 var Maria Mena og Halva Priset.

Petter Bjørklund Kristiansen, Halva Priset, Maria Mena

SAMARBEID TIL GULL: Petter Bjørklund Kristiansen er vokalist i Halva Priset. Saman med Maria Mena toppa dei lista over dei mest spelte låtane på Spotify i Noreg.

Foto: TV 2

«Den fineste Chevy'n» har hittil i 2021 blitt spelt av nær 24 millionar gonger på Spotify i Noreg, og låten slår då internasjonale artistar som Olivia Rodrigo og Justin Bieber på topplista.

– Det er så stas! All kred til Petter som skreiv ein så fin låt, seier Maria Mena til NRK.

Petter Bjørklund Kristiansen er altså frontfigur i bandet Halva Priset, og tidlegare mest kjend under artistnamnet Katastrofe.

Ho meiner først og fremst at det er gøy at gode låtar toppar listene.

– Om det er på norsk, engelsk eller klingon, bryr eg meg fint lite om.

Men ei av dei som er svært nøgd med topplåten er norsk på norsk, er direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

– Det er så utruleg viktig for norsk språk sin status at norsk er så synleg i musikken, seier ho til NRK.

Victoria Nadine med ein vakker coverversjon av «Den fineste Chevy'n»

Rådebank-suksess

Men låta om ulukkeleg kjærleik og ein Chevrolet, er ikkje åleine på topplista til strøymegiganten:

  • På ein femteplass med over 18 millionar avspelingar, ligg «Smilet i ditt eget speil» framført av Chris Holsten.
  • På åttandeplass finn vi El Papi med Sju Fjell.
  • Niandeplassen går til Emma Steinbakken sin versjon av «Jeg glemmer deg aldri» frå TV-serien Rådebank.

At to av desse er låtar med sterk forankring i norsk bygdekultur, er ikkje overraskande for tekstforfattar og Hellbillies-musikar Arne Moslåtten.

I dag er han pensjonist og ser det heile litt utanfrå. Men det er han som står bak teksten til Rådebank-låten som i Hellbillies-drakt heiter «Eg gløymer deg aldri».

Dei gav ut låten første gong i 2001.

No har Emma Steinbakken sin versjon blitt spelt av over 14 millionar gonger.

Fra utdelingen av Spellemannprisene 2020.

Aslag Haugen frå Hellbillies og Emma Steinbakken framførte «Jeg glemmer deg aldri» under utdelinga av Spellemannsprisen i haust.

Gler seg over norsk suksess

– Dette med låtar på norsk dialekt er nok ein ting som fungerer betre ute på landsbygda enn i byane. Der folk har eit forhold til ei dialekt, så har dei gjerne også eit forhold til alle andre dialekter, seier Moslåtten.

Arne Moslåtten

Låtskrivar Arne Moslåtten.

Foto: Daniel Eriksen

Han vel å gle seg over at mange norske låtar kjem høgt på listene over dei mest spelte, framfor å uroe seg for at dei fleste hitlåtane trass alt er på engelsk.

– Språkutviklinga går jo sin gang. Det er vel rett og slett slik at det blir spelt inn fleire låtar på norsk. Folk får det kanskje utan å ha bede om det, seier Moslåtten og flirer.

Andre artistar som hadde suksess med dialekt i år, er blant andre Hagle. Både «Bøgda» og «Ærmen i kærmen» er inne på Spotify si topp-20-liste.

Chris Holsten med Kringkastingsorkestret under TV-aksjonen 2021.

Chris Holsten med Kringkastingsorkestret under TV-aksjonen 2021.

– Føles veldig godt

Språkdirektør Åse Wetås synes det er skikkeleg stas at stadig fleire norske artistar får suksess, også kommersielt, med låtar på norsk.

– Først og fremst trur eg det er viktig at artistane viser fram eit mangfaldig uttrykk på norsk. Det er kjempebra, seier ho.

Maria Mena innrømmer at det er stor stas at ein av hennar låtar når så breitt ut. Nettopp med ei historie frå bygde-Noreg.

– Kor viktig er det for låten sin suksess?

– Det må nesten Petter svare på, men eg må ærleg innrømme at eg kjenner meg litt meir omfavna av bygda no. Det føles veldig godt, og eg gler meg til det som skjer vidare, seier Maria Mena.

Dette er topp 20-lista til Spotify i 2021:

1. «Den fineste Chevy´n», Halva Priset, Maria Mena

2. «drivers license», Olivia Rodrigo

3. «STAY», The Kid LAROI, Justin Bieber

4. «good 4 u», Olivia Rodrigo

5. «Smilet i ditt eget speil», Chris Holsten

6. «Bad Habits», Ed Sheeran

7. «Wellerman- Sea Shanty», Nathan Evans, 220 KID, Billen Ted

8. «Sju Fjell», El Papi

9. «Jeg glemmer deg aldri», Emma Steinbakken

10. «MONTERO (Call Me By Your Name)», Lil Nas X

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)