NTB / Anne Cathrine Straume
I grunngjevinga la Språkrådet særleg vekt på reportasjane og reiseskildringane til Frode Grytten og nemnde særskilt boka Dublin (Spartacus 2002):
Boka "Dublin" har illustrasjonar av Oddleiv Apneseth.
"Gjennom forfattarskapen viser prisvinnaren både respekt for og sterkt medvit om språk, både det nynorske skriftspråket og språkbruk generelt. I nynorsktekstane sine skriv forfattaren med få unntak innanfor ei vid nynorsknorm. Språket er brukt presist og råkande med ein personleg dåm. Dette kjem til dømes tydeleg fram i reiseskildringa Dublin (Spartacus 2002), som
også er ein gaid for andre som vitjar den irske hovudstaden. I denne boka er nynorsk brukt i jakta på puls, temperatur, stemning og folkesjel i ei skildring av folkeliv, drøs og drinkar i ein moderne storby. Mykje av boka Dublin handlar om språk, om korleis irane tek "ordet på ordet" og, slik forfattaren uttrykkjer det, "dansar med talemåtar".
Forfattarens eigen skrivemåte er også ei dansing og ein leik med tale- og skrivemåtar, med ordtak, boktitlar, populærkulturelle referansar og sitat frå bartenderar, tiggarar, kremmarar og folk flest. Forfattaren har på denne måten skapt ein uvanleg rik tekst, som appellerer til mange ulike lesargrupper, og som i likskap med andre delar av forfattarskapen må seiast å vera ei domeneerobring for nynorskens del."
Bragepris
Frode Grytten har òg gjeve ut dikt og novellesamlingar. I 1999 fekk han Brageprisen for boka "Bikubesong".
Sjå intervju og bok-kritikk av Grytten sine bøker her:
Norsk språkpris blir gjeven annankvar gong for bokmål og annankvar gong for nynorsk. I år vart prisen gjeven for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa.
Prisen er tidlegare gjeven til Lars Roar Langslet (1992), Berge Furre (1993), Sissel Benneche Osvold (1994), Kåre Lunden (1995), Kari Gåsvatn (1996), Otto Hageberg (1997) og Guri Hjeltnes (1998), Ottar Grepstad (1999) og Arild
Stubhaug (2001).