Norsk selskap vil ta vare på verdas musikkarv

Eit norsk selskap vil bygge eit «dommedagskvelv» på Svalbard for å ta vare på musikkarven. Målet er å samle alt frå urfolksmusikk til pop og rock frå heile verda.

Det internasjonale frølageret

Langt inne i fjellet ligg frø og kulturarv lagra i eit kvelv som skal stå i mot både naturkatastrofar og frost. No skal også verdas musikkarv bli lagra for framtida.

Foto: Elire Management Group

Djupt inne i fjellet på Svalbard, i det som tidlegare var ei gruve, ligg det globale frølageret med over ein million frøprøver, i det som blir rekna som ein av dei sikraste stadane i verda.

Her ligg også enorme datamengder frå institusjonar frå heile verda lagra i Arctic World Archive. Teknologien som blir brukt er utvikla av det norske teknologifirmaet Piql.

No skal den same teknologien brukast til å lagre verdas musikkarv. Neste år håper konsulentselskapet Elire MG at dei kan opne «Global Music Vault» på Svalbard.

– Vi står i fare for å gløyme musikken som har inspirert oss i fleire hundreår. Vi ønsker å spore og ta vare på denne musikken, seier administrerande direktør Luke Jenkinson.

Skal ta vare på arven

Han fekk ideen til «dommedagskvelvet» for musikk då han jobba som sponsoransvarleg i Nasjonalmuseet. Då såg han arbeidet som blei gjort for å ta vare på kunstskattar i Arctic World Archive.

Samtidig kom det i 2019 fram at fleire tiår med verdifulle opptak med populærmusikk gjekk tapt då ein storbrann herja i Universal Studios i 2008.

Luke Jenkinson

Luke Jenkinson har erfaring blant anna frå musikkbransjen. Han meiner det ville vere ei katastrofe for musikkhistoria om musikken som har forma oss skulle bli gløymd.

Foto: Elire Management Group

Jenkinson såg at det var behov for å gjere noko for å ta vare på musikkhistoria. Og då han starta konsulentselskapet Elire MG, var musikkvelvet eitt av dei første prosjekta han hadde på blokka.

– Vi startar med å samle og spore musikkarven frå urfolk og folkemusikk. Mykje av dette har aldri vore spelt inn, men har vore med å forme samfunna våre. Vi skal ta vare på dette for ettertida i eit sikkert kvelv.

Samtidig er det viktig at alt som blir samla inn blir tilgjengeleg for publikum.

– I tillegg til å finne røtene til musikken, og ta vare på han, vil vi også feire musikken. Vi skal gjere han tilgjengeleg for folk, slik at dei kan få høyrt på han.

Samarbeidspartnarar

Dei har allereie gått inn samarbeid med fleire organisasjonar og arkiv som skal bidra med musikk som skal lagrast på Svalbard.

Blant samarbeidspartnarane er International Music Council, IMC, som sidan 1949 har vore Unescos rådgjevande organ i musikksaker.

– Dei har engasjert heile den internasjonale musikkverda, og har blant anna etablert komitear i kvar verdsdel som ser på kva musikk som bør inn i kvelvet.

Urfolk i Fransk Guyana

Urfolk i Fransk Guyana spelar og dansar ein tradisjonell dans. Når Global Music Vault blir etablert, skal dei først sikre musikken til urfolk. Mykje av denne musikken er ikkje spelt inn, og står i fare for å forsvinne, ifølge Jenkinson.

Foto: JODY AMIET / AFP

– Skal ikkje vere selektive

I den første fasen skal dei konsentrere seg om musikken som er i ferd med å forsvinne for godt. Men i den neste fasen skal dei blant anna søke finansiering frå blant andre EU og kulturinstitusjonar.

Då opnar dei også opp for å lagre populærmusikk i kvelvet.

– Vi ønsker at dette skal bli ein stad for all type musikk. Vi skal ikkje vere selektive. Målet er at kvelvet skal vere tilgjengeleg for alle.

Til våren neste år skal etter planen dei første filene med musikk vere på plass i fjellet på Svalbard.

– Det skal vi feire med eit event og spesielle gjestar. Og så blir det kanskje ein direktesendt konsert, seier Jenkinson.

Kulturstrøm

  • Pink hyller strandhåndballjentene

    Den amerikanske artisten Pink skriver på Twitter at hun er stolt av det norske kvinnelaget i strandhåndball, som har protestert mot trusepåbudet under konkurransene. Hun mener at det internasjonale håndballforbundet bør bøtelegges for sexisme, og tilbyr seg å betale den ilagte boten.

    Pink skriver om norsk strandhåndball på Twitter
    Foto: Skjermdump fra Twitter
  • Britney Spears foreslår ny verge

    Ifølge kjendis-nettstedet TMZ har sangeren og pop-ikonet Britney Spears og hennes nye advokat Matt Rosengart mandag levert rettsdokumenter med forslag til hvem de vil skal ta over vergemålet etter hennes far. De skriver at det er den autoriserte regnskapsføreren Jason Rubin som nå foreslås som Spears’ nye verge.

  • Se Festivalsommer fra Malakoff

    Programleder Markus Bailey sjekker stemningen på Malakoff-festivalen hvor artister osm Dagny, Malin Pettersen og Kjartan Lauritzen spiller blant fjell og fjord på Nordfjordeid.

    Markus Bailey sjekker stemningen på Malakoff-festivalen hvor bla. Dagny og Kjartan Lauritzen spiller blant fjell og fjord på Nordfjordeid.

Flere kulturnyheter