Samfundet, Trondheim.
Dei har fått svært masse skryt og fortener så sanneleg det meste. Mange meinte kanskje at ein gjerne burde få enda litt tid på seg før ein kasta seg ut i plate og turnelivet. Johndoe er kanskje Noregs beste rockeband akkurat no.
Energi
Det er nemleg like godt å seie det heilt med det fyrste. Det oser av Johndoe om dagen. Klart er det ekstra kick for vokalist Jonas Skybakmoen å stå på scena i Storsalen. Med fartstid som anmeldar for studentmagasinet Under Dusken, har han heilt sikkert mang ein gong drøymd om å stå på scena der han har sett sine fordum rockeheltar. Men Jonas og Co står på scena som dei skulle ha stått der hundre gongar før. Samspelet funkar ekstremt bra. To røffe gitarar som gir laus, ein funky bass og eit troll bak trommesette. Johndoe blir aldri lei, dei gjev aldri opp. Sveitten renn, ja til tider verker det som blodet siler.
Kan eg klage?
Det er svært lite å setje fingeren på etter konserten i Trondheim måndag kveld/natt. Med så pass tråkk i lokalet, er det vanskeleg få rett fram dei gode tekstane i all "støyen". I Storsalen var det kanskje ikkje det folk flest tenkte på i etterkant. Dei fleste har nemleg sikra seg "Ja takk til trøbbel" og kan det meste frå før av. Nye fans bør like vel få med seg teksten, rett og slett fordi den er så fengande god.
På eigne bein
Johndoe har fått sine samanlikningar Det er kanskje rett og rimeleg med den ærefulle norske rockehistoria vi alle ser tilbake på. Av og til er det rimeleg å sjå framover utan å alltid bli nostalgiske. Norsk rock har hatt masse bra, men det ser då langt i frå så verst ut framover heller. Konserten i Samfundet under uka fekk 1200 elleville rockefans til å juble. Det har ein all grunn til å gjere. Terje, Øistein, Jonas og Stian skal få lov til å stå heilt aleine frå no av. Det synst eg jammen dei fortener.
Dette spelte Johndoe
Konflikt
Mynter i maskinen
Gi gass
Vi skal aldri bli til no
Hold pusten
Nærkontakt
Skyskraper
Rastløs rock`n roll
Kickstart
Fuktig liten faen
Et sunnhetstegn
24 timer
........
Mor & far i døden