NRK Meny
Normal

Norsk roadmovie til De Niro-festival

Den norsk-kurdiske filmen «El Clásico» om to kortvaksne brør på motorsykkel gjennom Irak for å sjå fotballkamp i Madrid, er teken ut til Tribeca filmfestival i New York.

«El Clásico» er plukka ut til International Narrative-programmet under Tribeca-festivalen. Filmen skal mellom anna konkurrere om prisane beste film og foto. Festivalen blei grunnlagt av Robert De Niro i 2002, og har blitt ein viktig arena for å lansere filmar internasjonalt.

Regissør Halkawt Mustafa fekk ideen til filmen då han var i Irak med eit anna prosjekt, og såg engasjementet eit fotballoppgjer mellom Barcelona og Real Madrid, kalla El Clásico, skapte i Irak.

Fotballgalskap

Dana Ahmed, Wrya Ahmed utenfor Real Madrids hjemmebane

Brørne utanfor heimebana til Real Madrid, Estadio Bernabeu

Foto: Euforia/Hene films

Han blei nysgjerrig på engasjementet, og ville lage ein film med utgangspunkt i det. Han kom i kontakt med dei to kortvaksne brør, Wrya og Dana Ahmed. Den eine Real Madrid-fan, den andre Barcelona-fan. I filmen legg dei i veg mot Madrid for å møte Cristiano Ronaldo.

Brørne hadde aldri stått framfor eit kamera eller vore på kino før. Og dei hadde heller ikkje vore i utlandet. Mustafa budde saman med dei i eitt år før han starta opptaka.

Opptaksperioden i Bagdad var utfordrande. Ikkje minst fordi det gjekk av fleire bomber om dagen i byen under innspelinga.

– Trass i risikoen var det viktig for meg å filme i Irak fordi eg ville portrettere slik situasjonen er no, seier Mustafa.

Cristiano Ronaldo

Ronaldo og Alan

Dei fekk til slutt møte Cristiano Ronaldo.

Foto: Halkawt Mustafa

Men då dei kom til Madrid, var det ikkje var så lett å kome i kontakt med Cristiano Ronaldo. Fotballstjerna har eit stramt program. Så det var ikkje lett for to kortvaksne frå Irak å få ein avtale. Men til slutt fekk dei, via omvegar kontakt, og møtt fotballstjerna.

– Ronaldo er ein hyggeleg og imøtekomande person, og tok seg tid med brørne, sjølv om han hadde dårleg tid, seier Mustafa.

Etterpå inviterte han dei med på treninga slik at dei fekk møte fleire fotballstjerner, og fekk også ein signert ball.

Får kanskje møtt De Niro

USA-ENTERTAINMENT/ Actor Robert De Niro attends The National Board of Review Gala, held to honor the 2015 award winners, in the Manhattan borough of New York.

Robert De Niro starta filmfestivalen Tribeca i 2002 som eit svar på terroråtaka 11. september 2001

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

Den norske ambassaden i Tyrkia jobbar no med å skaffe brørne visum slik at dei får sett filmen i Noreg. Deretter blir dei med til New York og filmvisninga der.

– Det er fantastisk å tenke på kva dei no opplever. Først reise til Madrid for å møte Cristiano Ronaldo, og no til New York der dei kanskje får møtt Robert De Niro.

Halkawt Mustafa er også glad på eigne vegne:

– Eg fått epostar frå fleire amerikanske agentar som gjerne vil sjå filmen. Det at vi er plukka ut til festivalen gjer at vi får mykje merksemd internasjonalt.

Filmen har allereie kinodistribusjon i seks europeiske land, i tillegg til fleire arabiske land. Filmen blei blant anna vist både i Irak og i Dubai i desember.

Fra innspillinga av filmen El Clasico

Frå ei pause i innspelinga av filmen.

Foto: Euforia/Hene films