-Platebransjen i dag er for angloamerikanisert. Den har rett og slett ikkje forstått kva potensiale som ligg i Melodi Grand Prix.
Vil ha nytenking
Kato Hansen er formann i Den norske Grand Prix klubben og har fylgt utviklinga i Europas mest populære songkonkurranse i ei årrekkje. Det er svært lite han ikkje veit om Grand Prix. Men Hansen og resten av klubben vil gjerne gjere sitt ”favorittprogram” endå betre, difor vil han gjerne bli kvitt harry-stempelet.
- Vi er svært klar over at mange ser på Melodi Grand Prix (MGP) som eit show og underholdning, og klagar over dårlege songar. Dersom platebransjen hadde verkeleg fått auga opp for konseptet kunne vi ha gjort noko med dette her, meiner han
- Du kan sjå på Sverige, Tyskland og Frankrike til dømes. Der er plateselskapa kjempeoffensive når det gjeld MGP. Dei tener og pengar på dette her. I fjor så låg faktisk samleplata med alle finalistane frå den svenske Melodifestivalen på topp på den svenske VG lista i over 9 veker.
Ole Evenrude.
Likevel harry
Platebransjen i Noreg har ingen vanskar med å stadfeste at det ikkje er særleg attraktivt å lansere nye artistar gjennom MGP. Tidlegare norsksjef for Polygram Ole Evenrude, har produsert fleire Grand Prix artistar , som Stig Van Eijk, Charlotte Nilsson og Lars Fredriksen.
- Med eit ein er med der, får ein stempelet på seg for alltid. Det blir for useriøst med alt for mange ulike artistar. Eg ser på konkurransen som eit godt tv-show og ikkje noko anna. Vinnaren kan kanskje slå igjennom av og til, men det er også svært varierande.
Kato Hansen, Den norske Grand Prix-klubben
- Siter meg gjerne på at dette her er ”Superbowl of karaoke” og ikkje noko anna.
Yngve Næss er norskansvarleg i Universal Music er samd med Evenrude, men meiner og at det er mange grunnar til at ein ikkje satsar.
- Det er svært usikkert å satse på Melodi Grand Prix. For det fyrste er det stort sett berre vinnaren av konkurransen som har eit sals-potensiale. I tillegg er det og svært ulik smak ute i dei ulike landa. Det er ikkje sikkert vi vil selje plater med artisten i alle andre land fordi han eller ho vinn.
Erfarne på scena
I løpet av konkurransen si førtiseks år lange historie er det berre få artistar som har gjort karriere gjennom Melodi Grand Prix. Kato Hansen trur dette har mykje med erfaring å gjere.
- Gjennom konkurransen si historie er det ofte at platebransjen har kasta inn uerfarne artistar. Det seier seg sjølv at det ikkje er lurt. Skal du ha suksess, må det vere ein artist som har sceneerfaring og som kan å synge.
Kva artistar bør vere med i Melodi Grand Prix?
- Trur du det kjem til å forandre seg?
- Dette går i bølgjedalar. Då ABBA var populære i Sverige og blei kjende gjennom MGP, var platebransjen på hogget heile tida. Det gjekk faktisk så langt at arrangøren, SVT stogga finalen eit år fordi konseptet blei for kommersielt.
- Så du trur det vil forandre seg?
- Eg håper sjølvsagt det, men eg skulle gjerne sett at norsk platebransje kunne satsa litt meir på det gode dei har å by på.