NRK 1, fredag 24. august kl. 19.30.
Heilt sidan sunnfjordingen Ingolf Arnarson og følgjet hans etablerte seg på Island i år 874, har det vore sterke band mellom Sagaøya og Noreg. At vi er i slekt er tydeleg både i språk og kultur. Likevel er der store skilnader. For mange nordmenn er Island både nær og kjent, og samtidig framand og eksotisk.
Dramatisk og vakkert
Det er store variasjonar i landskapet på Island. Den vulkanske øya byr på alt frå gold lavaørken til frodig åkerlandskap. Her er høge fjell og isbrear, strie elvar og store fossar, udøydde og aktive vulkanar, store vidder og trange dalar.
Og mange stader stig kvit damp opp frå dei varme kjeldene i den tynne jordskorpa – eit naturfenomen islendingane veit å utnytte. Det varme vatnet blir brukt til kraftproduksjon, oppvarming av hus og til badeanlegg.
Veret er like skiftande som naturen.
- Her kan vi ha alle årstider i løpet av berre nokre få timar, fortel Margreta Björke. Men sjølv om øya ligg langt ute i Atlanterhavet, er vintrane milde og sommarane friske. Det kan øya takke Golfstraumen for. Men vindtette kle er nødvendig, det bles ofte og mykje.
Nordmannslaget
Det bur om lag 300 nordmenn på Island, dei aller fleste i Reykjavik-området. Og mange av dei er medlemmar i
.- Det er viktig å treffast av og til, godt å få snakke sitt eige språk og snakke om Noreg, seier Björke. Sentralt i laget er hytta medlemmane har bygd på dugnad i eit friluftsområde like utanfor Reykjavik. Den første vart oppført alt på 30-talet, men brann ned tidleg på 90-talet. I mellomtida var området rundt hytta blitt freda. Laget fekk likevel lov til å bygge den opp att på branntomta, og den blir mykje brukt.
Nordmannslaget arrangerer 17. mai og juletrefest kvart einaste år. I tillegg har dei jonsokfeiring, grillfestar og andre samkomer på hytta, som medlemmane også kan leige.
I dag ligg hytta i ein frodig skog. Slik var det ikkje då dei første nordmennene i laget starta treplanting på 30-talet. Og framleis arrangerer Nordmannslaget treplantingsdag kvart einaste år.
- Det er eit stort problem på Island at jorda bles bort, fortel Björke. Derfor er treplanting og anna planting for å binde jorda eit satsingsområde.
Eit lite stykke Noreg
Førskulelæraren Margreta Björke frå Hardanger hadde tenkt å vere på Island i eitt år, då ho kom dit for over 20 år sidan. Men så møtte ho Heidar. I dag har paret tre vaksne døtre og driv eigen butikk i Reykjavik sentrum. Og varene dei sel er norske: Janus ullkle frå Bergen.
- Det er fint å vere norsk på Island. Folket her ser på nordmenn som frendar, seier ho.