Hopp til innhold

Norsk nasjonalromantisk kondomsjokk på HBO

John Oliver, ein av dei mest populære talkshowvertane i USA, raljerer med annonsekampanjen der norske fjell, fjordar, midnattssol, klamydia og kondom står i sentrum. Alt til tonefølgje av Griegs mest nasjonalromantiske musikk.

VIDEO: Sjå heile innslaget i «Last Week Tonight»

Du har sikkert sett annonsen, enten i form av ein video eller ein stor plakat. Bodskapen er den same. Teksten er enkel: Velkomen til Noreg, landet med midnattssol og klamydia. Videoen viser vakre bilete av norske fjell og fjordar, med Griegs musikk som ei perfekt lydkulisse.

Alt tyder på at dette er ein ny, tradisjonell reklamesnutt der den vakre naturen vår står i fokus. Heilt til siste tekstline kjem opp. Underforstått: Pass deg for dei lokale innbyggjarane, dei kan gi deg klamydia.

– Skal svi litt

John Oliver.

Den prisvinnande britiskfødde talkshowverten John Oliver tok føre seg norsk kondomreklame.

Foto: Brad Barket / AFP

Det er butikkjeda Seven Eleven som står bak annonsekampanjen, der det viktigaste målet er å få fleire til å kjøpe kondom i butikkane deira.

For, som dei seier, berre Danmark og Island har høgare førekomst av kjønnssjukdomen klamydia enn Noreg.

Det er Reitangruppen som eig Seven Eleven-butikkane her i landet. Kommunikasjonsansvarleg i Reitan Convenience, Thea Kjendlie, seier til bransjebladet Kampanje at det er meininga at annonsekampanjen skal svi litt i den nasjonale sjølvkjensla.

– Humoristisk verkemiddel

Ho seier at det tidlegare er gjort forsøk på å få nordmenn til å bruke meir kondom, men at mykje tyder på at det er vanskeleg å få dei til å høyre etter når ein skakkar til dei. Derfor har dei no prøvd å få fram bodskapen ved å snakke om nordmenn til utlendingar.

– Ved å åtvare turistar mot nordmenn, er tanken å få merksemd på ein måten som kanskje svir litt i den nasjonale sjølvkjensla. Nasjonalromantikken er brukt som eit humoristisk verkemiddel for å få fram bodskapen i kampanjen, seier Thea Kjendlie til Kampanje.

Mange har reagert på at dette er det første utanlandske turistar blir møtte med når dei kjem til Gardermoen eller Oslo S.

Tidlegare kondom-kampanjar

Den populære talkshowverten John Oliver brukte god tid på annonsekampanjen i siste utgåve av «Last Week Tonight», der han har eit humoristisk tilbakeblikk på veka som gjekk. Han raljerte i kjent stil, og gjekk også tilbake i tid til tidlegare norske kampanjar for auka kondombruk.

I programmet på HBO blir også ein reportasje om reklamekampanjen Dagbladet har laga, brukt. Her intervjuar dei fleire norske om korleis dei reagerer på kondomkampanjen.

Talkshowet vart sendt søndag kveld amerikansk tid.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.