- Norsk musikk er, som alle veit, ytterst sexy på radio, seier programleiar-duoen for Sexy, Totto Mjelde og Tarjei Støm.
Bergensarane bestemmer nemleg sjølv kva for musikk dei vil spele kvar dag mellom 12-13. Og når dei to vel å spele Ukas Urørt får vi også spredd Urørtmusikken til dagtid, i tillegg til å vere fast innslag i Urørt si sending frå kl 22.
- Nye norske band fortener litt speletid, og kven er bedre til å plukke ut låtar enn sjølvaste Urørtredaksjonen som kvar einaste dag sit til knes i god norsk musikk, seier Totto Mjelde engasjert.
Denne veka er det Bugalow Ranchstyle som kjem til å dukke opp på P3 ein stad mellom 12-13 kvar dag, og neste veke er det ei ny perle frå Urørts enorme musikkhvelv.
Vi seier hurra for Sexy og rår deg til å høyre på radioen din kvar dag mellom 12-13.
Sjekk ut Ukas Urørt her:
Du kan også tipse Tarjei og Totto om musikk du drøymer om at skal bli spelt på P3 her: