Det er truleg ingen stader i verda klassisk musikk har like stor prestisje som i Wien. Laurdag kveld heldt Wien-filharmonien konsert nokre steinkast unna, og operaen Anna Bolena hadde premiere med superstjernene Anna Netrebko og Elīna Garanča.
Bergen-filharmoniens konsert i Grosser Saal med 1865 seter var likevel heilt utseld. Det har også dei andre konsertane under den tovekers Europa-turnéen vore, og i løpet av to veker kjem rundt 15 000 til å ha høyrt orkesteret.
Austerriksk stjerneslagverkar
Perkusjonisten Martin Grubinger er solist med Bergen-filharmonien under heile turneen. 27-åringen er allereie i verdstoppen på sine instrument, og svært populær i heimlandet Austerrike.
– Det er veldig spesielt for meg å spele her i byen, eg bur jo her, og mange av venene mine er her, sa Grubinger før konserten.
– Eg merkar at musikarane er ekstra motiverte i kveld. Dette er den klassiske musikkens hovudstad, og dei vil gjerne vise kva dei kan.
Briljerte med norsk musikk
Stykket Grubinger spelar under turneen er Rolf Wallins Das war schön!, som Grubinger bestilte frå Wallin.
– Eg hadde høyrt fleire verk av Rolf og var svært fascinert, eg var overtydd om han var rett mann å bestille ein konsert frå, forklarer Grubinger.
– Konserten er annleis enn alle andre perkusjonskonsertar, der det ofte er mykje kraftig trommespel og mykje høg lyd. Rolf gjer bruk av alle dei melodiske perkusjonsistrumenta, som marimba og vibrafon.
– Modig å opne med Wagner
Mellom dei mange begeistra publikummarane vi traff i pausen, var den unge Wien-innbyggjaren Julian Diglio. Han er stolt over Wiens eineståande musikkliv, men kom til konserten fordi han også er interessert i kva andre land har å by på.
– Det er eit modig steg av orkesteret å ikkje opne med norsk musikk på ein slik turné, men med musikk av Wagner, seier Diglio.
– Dette er musikk Wien-publikummet kjenner svært godt. Som stor Wagner-fan må eg seie at orkesteret gjorde ein svært imponerande innsats.
Gode kritikkar
Orkesteret starta sin turné i Göteborg 26. mars, og har mellom anna vore innom Köln og Heidelberg. Frå Wien går turen vidare til München, Berlin og Stuttgart, før dei avsluttar turneen i Frankfurt 7. april.
Orkesteret har gjennomgåande fått flotte kritikkar for sine konsertar. Göteborgs-Posten skreiv til dømes at orkesteret er prega av «en påfallande fräsch och modern känsla».
Unntaket er Düsseldorfs Rheinische Post, som rett nok kallar Bergen-filharmonien «ein dyktig tropp i internasjonal medvind», men som oppsummerer orkesteret med orda «Ambitionierter Durchschnitt» – ambisiøst, men gjennomsnittleg.
Orkesteret har lagt ut lenker til alle konsertomtalane på sine heimesider.
– Eit høgdepunkt å få spele her
Musikarane i orkesteret legg ikkje skjul på at det er ekstra stas å få spele konsert i ein så prestisjefylt musikkby. Oddmund Økland er fagottist i orkesteret og set stor pris på turnélivet:
– Det er høgdepunktet for ein orkestermusikar å få reise til mekkaer som dette, seier Økland, som også er formann i orkesterets programkomité.
– Orkesteret har sett fram til turneen i eit år, og eg har jobba med planane endå lenger. No er vi endeleg her, og turnélivet er herleg.