Hopp til innhold

Norsk fiskar har 4 millionar følgjarar på TikTok: – Ganske vilt

Fiskaren Benjamin Bakke, betre kjent som «Fisherbenny», deler livet på sjøen på TikTok. Det har ført til lukrative avtalar og 4 millionar følgjarar. Det han lagar er unikt, meiner medievitar.

Benjamin Bakke, betre kjent som Fisherbenny, med fiskefangsten sin.

Benjamin Bakke med fiskefangsten sin.

Foto: Privat

For to år sidan fekk fiskaren frå tettstaden Søgne utanfor Kristiansand ein idé om å dele livet på sjøen.

– Eg vil formidle fiskaryrket til dei unge spesielt at det faktisk er ein jobb, og at ein kan ha det gøy med det, fortel han til Lindmo der han er gjest i kveld.

– For meg er dette draumejobben, dette er hobbyen min. Sjølv om yrket også inneber mykje hard jobbing, fortset han.

TikTok-suksessen starta med at han delte ein video av ein coladrikkande fisk. Den gjekk raskt viralt.

Humor, men blodig alvor

Etter kvart byrja han å filme seg sjølv i utfordrande vêr og forhold. Det viste seg å falle i smak hjå TikTok-publikummet.

– Eg la fort merke til at folk likte videoane som viste kor høge bølgjene på havet var, og korleis ein blir slengt rundt på båten når kreftene tar tak, seier han.

Med det får han vist både humoren og det blodige alvoret i det å vere fiskar.

– Det er mykje som kan gå gale på ein fiskebåt, legg han til.

82 millionar visningar

På to år har han opparbeida seg 4 millionar følgjarar, og er dermed ein av Noregs største TikTokarar. Den mest populære videoen har over 82 millionar visningar.

Det er 16 gangar Noregs befolkning.

Det er jo ganske vilt at 82 millionar har sett vesle meg på sjøen. Eg har eigentleg ikkje ord på kva eg føler om det, seier han.

– Kvifor har du blitt så populær, trur du?

– Det er fordi eg deler ei side av fisking som mange ikkje har sett før. Eg viser livet inne i båten, fiskane eg får og generelt livet på sjøen.

Benjamin Bakke, betre kjent som Fisherbenny på TikTok, var gjest hos Lindmo november 2022

Benjamin Bakke, betre kjent som Fisherbenny, snakkar om fiskarlivet til Anne Lindmo.

Foto: Julia Marie Naglestad

Fans frå USA og avtale med Netflix

26-åringen har følgjarar frå heile verda, der mesteparten er frå USA.

– Det var dit TikTok sende videoane mine fyrst, og det var der dei fyrst vart populære, forklarar han.

Til og med store stjerner, som den tidlegare basketspelaren Shaquille O´Neal følgjer søgnesokningen.

Han har også vorte kontakta av fleire store aktørar, deriblant Netflix. Strøymeselskapet ville at han skulle lage ein reklamefilm for dei. Noko han sa ja til.

Det var ein barnefilm om sjømonster eg skulle reklamere for, fortel han.

Benjamin Bakke, betre kjent som Fisherbenny, med fiskefangsten sin.

For Benjamin Bakke er fisking ein stor lidenskap. Han starta å fiske berre tre år gammal.

Foto: Privat

Bakke legg ikkje skjul på at han tente godt på oppdraget, men han vil ikkje avsløre summen.

Netflix er store, så eg fekk så eg vart fornøgd.

TikTok-influensaren tener også gode pengar ved å reklamere for ulike klesmerke, produkt eller songar.

– Eg kunne sikkert ha levd av TikTok hadde eg gått inn for det. Men eg lagar ikkje videoar for å tene pengar.

Visuelt og unikt

Geir Christian Johannessen er universitetslektor i kommunikasjon og medium på Universitet i Agder.

Geir Christian Johannessen er universitetslektor i kommunikasjon og medium på Universitet i Agder.

Geir Christian Johannessen er universitetslektor i kommunikasjon og medium på Universitet i Agder.

Foto: Privat

Han peiker på fleire moglege grunnar til at Fisherbenny har gjort det så bra på TikTok:

Det er utruleg visuelt og rikt materiale. Det er unikt. Det er personleg, og det har humor.

Er det noko som kjenneteiknar eit medium som TikTok eller Snapchat så er det at du må ha ein stoppeffekt for at det skal skilje seg ut.

Det har desse videoane, ifølgje Johannessen:

Du er med ein gong i eit spennande miljø der verda ikkje fungerer heilt som på land.

Vil inspirere

Sjølv om Bakke er interessert i å prøve ut fleire prosjekt innan media, likar han godt kvardagen slik den er er.

– Fisking er hobbyen min, og noko eg aldri kjem til å slutte med.

Han jobbar til vanleg på båten Udvaar 3, der han er to veker på sjøen og to veker heime.

Året rundt.

Benjamin Bakke, betre kjent som Fisherbenny, med fiskefangsten sin.

Ein vanleg dag på jobben for Benjamin Bakke.

Foto: Privat

– Det verste med å vere ute på sjøen er å vere borte frå dei heime, spesielt den to år gamle sonen min, fortel han til Lindmo.

På den andre sida får han vore to veker heime med sonen og sambuaren sin når han mønstrar av.

Han er svært tilfreds med tilværet som fiskar, og håpar videoane hans kan få fleire til å vurdere yrket.

Eg håpar på å inspirere. Spesielt dei yngre.

Sjå Lindmo her:

Eva og Anne B. Ragde om en tøff oppvekst, Sonya og Diako er søskenbarna til iranske Mahsa Amini. Black Debbath serverer tung ironirock om samtiden!

Eva og Anne B. Ragde om en tøff oppvekst, Sonya og Diako er søskenbarna til iranske Mahsa Amini. Black Debbath serverer tung ironirock om samtiden!

Lindmo går kl. 21.25 fredagar på NRK 1 kl. 21.25 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh