Kulturminister Trine Skei Grande kom direkte frå
til langt hyggelegare oppgåver under den 69. filmfestivalen i Berlin. I føremiddag opna ho «Norway House»; ei 300 kvadratmeter stor salgsbod for norsk film sentralt plassert i festivalområdet ved Potzdamer Platz.– Tyskland er eit svært marked, og vi har masse kultur; både forfattarar, kunstnarar og filmskaparar. No får norsk kultur og norsk næringsliv moglegheiten til å komme tettare på denne marknaden ved at vi satsar i Tyskland.
KULTUR UT I VERDA: Kulturminister Trine Skei Grande kom rett frå indre strid i eige parti til opninga av den norske storsatsinga på kultur i Tyskland.
Foto: Arne Sørenes / NRKNoreg er såkalla fokusland på den europeiske filmmarknaden under filmfestivalen i Berlin, og fremst på salsplakaten står den nye storfilmen
. Filmen, som er basert på suksessromanen til Per Petterson, er med i hovudkonkurransen under Berlinalen og blir alt nemd som ein outsider til å vinne den prestisjefulle Gullbjørnen. Regissør Hans Petter Moland synes det er fint at Noreg no satsar tungt i Berlin.– Det er eit høve til å profilere norske filmverksemder og ein stad kor norske filmarbeidarar kan knyte kontaktar. Dette er den største filmfestivalen i verda, så her møtes alle.
Tysk tretrinnsrakett
«Norway House» i Berlin er første steg ut i ei tretrinns norsk kultursatsing i Tyskland i 2019. I slutten av april står norske musikarar i fokus under «Jazzahead» i Bremen, og i oktober er Noreg gjesteland på verdas største bokmesse i Frankfurt.
Tilsaman brukar det offentlege Noreg 37, 7 millionar kroner på salsframstøtet.
Berre satsinga mot Frankfurt har ein total prislapp på rundt 45 millionar kroner. Regjeringa bidreg med 30 millionar kroner, mens bokbransje, stiftingar og sponsorar står for resten.
Musikarane får 1, 3 millionar kroner til å selgje musikken sin på jazzfestivalen i Bremen.
I Berlin har regjeringa gått inn med 3 millionar kroner av ein total kostnad på 6,4 millionar kroner, fortel Stine Helgeland, avdelingsdirektør i Norsk Filminstitutt( NFI). Resten er eit spleiselag mellom andre statlege organ som NFI, Senter for norsk litteratur i utlandet (NORLA) og den norske ambassaden.
MYKJE Å VISE FRAM: Stine Helgeland meinar norsk film har mykje å vere stolt over.
Foto: arne sørenes / nrk– Det å reise til Berlin handlar om hardt arbeid, seier Helgeland, som på vegne av NFI har hatt ansvaret for å organisere den norske satsinga i Berlin i tett samarbeid med filmbransjen.
– Det handlar om å gjere forretningar og om å møte dei ein samarbeider og co-produserer film saman med.
At nærare 500 bransjefolk i år har tatt turen til Berlinalen viser at satsinga har noko for seg, meiner ho:
– Det tar eg som eit teikn på at det er bra kraft og futt i norsk filmbransje om dagen. Og vi har mykje å vise fram, og mykje å vere stolte over.
Filmen fyrst og fremst
For Hans Petter Moland er det likevel det å få vise fram filmen sin som er det viktigaste. I morgon kveld ventar den raude løparen på filmregissøren som deltar i hovudkonkurransen i Berlin for fjerde gong.
I 2004 med «Beautiful Country», «En ganske snill mann» i 2010 og «Kraftidioten» i 2014. Og i begge dei to siste spela svenske Stellan Skarsgård hovudrolla, som han gjer i «Ut og stjæle hester».
PÅ PLASS I NORWAY HOUSE: Regissør Hans Petter Moland var innom for å høyre på kulturministeren før han hasta vidare til nye førebuingar før filmen «Ut og stjæle hester» skal visast på festivalen i morgon.
Foto: arne sørenes / NRKDet er filmen som må stå i fokus, meiner han. At det offentlege bidreg med midler til sal og promotering av filmbransjen betyr lite om filmen ikkje er god nok.
– Det er ikkje på grunn av at Noreg er fokusland at vi er i hovudkonkurransen. Det var ikkje derfor vi kom hit. Det var heller filmen si eiga kraft som har sørga for det.