NRK Meny
Normal

Norsk avis i spissen for flyktningappell

Morgenbladet har fått med seg fleire store europeiske aviser på eit internasjonalt opprop. Blant anna The Independent, El Pais og La Republica.

Flyktningkrisen

Ei gruppe flyktningar var 7.september på vei frå Danmark til Sverige for å søkje asyl. Neste veke skal EU diskutere flyktningkrisa og det ynskjer blant anna Morgenbladet å påverke.

Foto: Bax Lindhardt / NTB scanpix

3. september tok Morgenbladet initiativ til eit europeisk medieopprop og på under ei veke har dei fått med seg fleire av Europas største aviser. Redaktørane i britiske The Independent, spanske El Pais, italienske La Republica, franske Libération og ungarske Népszabadság blei raskt med på ideen.

Appellen er retta til EU-leiarane, som neste veke skal diskutere løysingar på flyktningkrisa.

– Dei fleste aviser er nasjonale, men denne saka meiner vi er så viktig at vi hadde lyst til å nå eit større publikum. Det viste seg at også mange andre redaktørar ynskja det, seier Anna B. Jensen, sjefredaktør i Morgenbladet, til NRK.

«Overraskande enkelt»

Morgenbladet-redaktøren fortel at det var «overraskande enkelt» å få med seg fleire aviser på ideen.

Anna B. Jensen

Anna B. Jensen er redaktør i Morgenbladet.

– Vi fekk tidleg med oss store aviser som Liberacion, El Pais og La Republica, noko som sørgja for at det blei lettare å få dei andre avisene med. Spesielt fornøgd er vi med å få den ungarske avisa med. Diskusjonen der er langt meir betent enn den vi har i Skandinavia, seier ho.

Vil hindre at liv går tapt

I appellen rådar dei mellom anna politikarane til å sette Dublin-avtalen til side, og å finne ein måte for flyktningane å søkje asyl på utanom Europa.

«I dag går Europas ledende aviser sammen om en appell der vi ber våre ledere gripe denne anledningen og handle for å stoppe denne humanitære krisen, og hindre at flere liv går tapt,» står det i oppropet.

Teksten er skrive av Morgenbladets redaksjon, og dei andre avisene har kome med innspel etter kvart.