Rana kommune
Fylke: Nordland
Areal: 4 463,0 km2
Innbyggere 1.1.04: 25 309
Flere tall: SSB
Kart: Rana
Mo i Rana
Mo i Rana er så og si landets midtpunkt, og ligger rett sør for polarsirkelen. Byen ligger midt mellom Atlanterhavet og svenskegrensen.
I 1946 vedtok Stortinget at Norsk Jernverk skulle bygge anlegg i Mo i Rana. Da bodde det omlag 9000 personer i Rana kommune. Nå har tallet vokst til over 25.000.
“Det største industrieventyret i Norge”
I 1946 starta det som skulle bli det største industrieventyret i Norge. Stortinget vedtok bygginga av eit jernverk i Mo i Rana, og på kort tid vart folketalet i den vesle Nordlands-byen mangedobla. Ein av dei som etterkvart kom flyttande var 12-årige Tare Steiro frå Sandnessjøen.
Stjerneblokkene
Steiro kom flyttande til Stjerneveien i 1969 fordi far hans, som så mange andre fedre, byrja å jobbe skift på jernverket.
- Vi flytta inn i ei tre-roms leilighet i ei av “Stjerneblokkene“, og med ein familie på etterkvart åtte var det ikke store plassen vi hadde, fortel Steiro.
Og slik var det for dei fleste familiene i Stjerneveien, som levde svært tett på kvarandre. Av og til for tett.
- Ein fekk med seg det meste som skjedde, og var det nokon som banka kjerringa, så visste heile blokka om det, seier Steiro.
Å leve med jernverket
Alle familiene som budde i Stjerneveien levde av, men ikke minst med jernverket. Stjerneveien og “Stjerneblokkene” hadde jernverket som næreste nabo, og dette var ikke alltid like enkelt for husmødrene.
- Når ein såg raudrøyken kome frå jernverket, så var det berre for husmødrene å springe ut det fortaste dei kunne for å få inn klesvasken, for ellers måtte dei vaske alt på nytt, hugsar Steiro.
Norsk Jernverk i Mo i Rana. Foto: Andrea Kvamme Hagen, NRK
Klasseskilje
Eit jernverk romma naturleg nok ikke berre arbeidarar. Formenn og direktører måtte også til for å få heile maskineriet til å fungere, og dette skapte eit klasseskilje i Mo. Rett ved Stjerneblokkene låg ei rad med rekkehus. Dette var bustadene til formennene, men Steiro hugsar ikke at dei som ungar opplevde noko klasseskilje dei imellom.
- Vi tenkte ikke så mykje over det, og opplevde ikke dette som vanskelig. Men å vere tilflyttar var ein kamp.
Steiro kom sjølv frå kysten og merka kor vanskelig det kunne vere å snakke ei anna dialekt.
- Då var det viktig å kunne hevde seg i sport, eller å vere best på andre måtar, fortel han.
Grottelandskap
Med i overkant av 200 grotter er Rana eitt av Norges største grotteområder. Berre eit fåtal er opne for publikum, men grottefantast Per Gunnar Hjorten har vore i dei fleste på eiga hand.
Utforsking
Det var ikke før på 60-talet at utforsking og kartlegging av grottene i Norge så vidt tok fatt. Men denne vart som regel utført utlendingar og det heile gjekk føre seg i liten skala. På denne tida byrja Per Gunnar Hjorten og nokre kamerater å interessere seg for grottene som fannst i nærmiljøet deira, i Rana. Og som følgje av lita eksisterande forskning, byrja dei sjølve å leite etter grotter og utforske dei.
- Kjensla du får når du ålar deg fram i halv-mørket, veit at det ikkje har vore folk der før og ikke anar kva som ventar deg bak neste sving er ubeskrivelig, fortel Hjorten entusiastisk.
Ikkje ufarlig
Hjorten vart rett og slett hekta på grotter, og fann og utforska mange saman med kameratar. Men det var ikkje alltid dette gjekk føre seg i heilt sikre former.
- Vi hadde jo ikkje så mykje erfaring i byrjinga, og det var mange gonger det kunne ha gått verkeleg gale, seier han.
Men gutane slapp unna med småskader som brukne bein og hovudrystingar og tok ikkje skrekken av episodene. I alle høve ikkje Hjorten, som i løpet av livet har vore med på utallige grotte-turar.
Må stenge av
Opp igjennom har grottene ikkje alltid vorte sett pris på av lokalbefolkninga. Nokre av grottene har opningar loddrett ned i jorda, og har såleis vore eit problem for bønder som har hatt buskap gåande på beite. Ein har då freista å stenge av opningane, men det er også andre grunnar til at mange grotter er avstengde eller forsøkt gøymde.
- Det har vore eit problem at folk har teke med seg til dømes dryppstein frå grottene, noko som øydelegg den vakre naturen, seier Hjorten.
Det er difor no berre eit par grotter som er opne for turistar, deriblant “Setergrotta” som Hjorten sjølv har vore med på å lage tilgjengelig for besøk.
Full fart i svingane
Eit par mil frå Mo sentrum finn du Arctic Circle Raceway. Med eit område på 18 km2 tilrettelagt for fartsgale bil- og motorsykkelførarar, er bana Nordens største motorbaneanlegg i asfalt.
Fartsfylt draum
- Det er mange som stiller seg spørsmålet om kvifor akkurat Mo skal ha ei slik bane, seier dagleg leiar, Lene Fevang. Det var rett og slett berre nokre “gale” folk som hadde ein draum dei med god hjelp frå kommunen klarte å gjennomføre, held ho fram.
Hovudsakleg vert bana nytta til løp i motorsykkel-sporten Roadracing, men vert også nytta til billøp og som testanlegg.
Stort motormiljø
Motormiljøet i Mo kan seist å vere eitt av Norges største, dersom ein reknar med både aktive førarar og frivillige funksjonærar, noko det trengs mange hundre av. Fevang fortel at grunnen til den sterke motor-interesse i Mo kan vere fordi den gamle Roadracing-bana her var Norges einaste Roadracing-bane heilt fram til 1991.
I Norgestoppen
Ikkje berre er motormiljøet i Mo eitt av dei største i Norge, det er også i Norgestoppen på den sportslige sida. 17 år gamle Stefan Åeng er ein av Norges beste Roadracing-køyrarar i si klasse, og har vore interessert i motorsport heile livet. Han set stor pris på bana og miljøet i Mo i Rana.
- Det er eit veldig godt miljø her, og mange av kameratene mine er også med og køyrer, seier Åeng.
Arbeidarbyen
”Ein aust-europeisk by i Norge” og ”den raude byen” er to uttrykk nytta om Mo i Rana. Begge bunnar i at byen har ein av Norges ”raudaste”historier.
Aust-europeisk
- Grunnen til dette uttrykket er vel at vi er ein typisk arbeidarby, seier ordførar Inge Myrvoll(SV).
Ja, Mo i Rana kan seiast å vere ein arbeidarby både i skinn og i sinn. Byens arkitektur bèr tydeleg preg av eit arbeidarsamfunn gjennom t.d. blokkene arbeidarane budde i.
”Den raude byen”
Uttrykket “den raude byen” får ei todelt tyding i Mo i Rana. Raudrøyken frå jernverket er den eine, men den viktigaste er nok den politiske tydinga.
- Mo i Rana vart ”den raude byen” på 20-, 30-talet, fortel Myrvoll.
Då var det Arbeidarpartiet som tok makta, og det skulle gå 80 år før dei ga slepp på den, nærare bestemt i fjor, då Myrvoll og Sosialistisk Venstreparti tok over styringa.
Med Gerhardsen i ryggen
Inge Myrvoll fortel at noko som var spesielt med Mo i Rana, var tilhøvet mellom byen og Einar Gerhardsen-regjeringa (AP). Mo i Rana var sjølve bildet på industrialiseringa av Norge, og regjeringa følte såleis eit spesielt ansvar for byen.
- Så nære band var det, at oppsto det eit problem i byen, banka ein direkte på døra til dei aktuelle ministrane, seier Myrvoll.
Framleis raud by
Sjølv om den politiske lojaliteten har endra seg, og arbeidarar ikkje nødvendigvis stemmer til venstre lenger, er Mo i Rana framleis ein raud by. Det viser fjorårets kommuneval, då over 70 prosent stemte på venstresida. Og betegnande nok er det venstresida som er levande blant dei unge. Rana SU er det mest aktive ungdomspartiet.
- Vi merkar at vi har god støtte i byen, seier leiar Sara Bekkerud.
Eit hytteelskande folk
“Ut av byen på fredag og inn igjen på søndag” og “jobbe i veka og dra på hytta i helga” er karakteristikken som vert gitt på kva som er typisk Ranværing. Og når folk dreg på hytta i helga, ja, då vert sentrum dødt.
Vanskeleg å skape liv
- Å arrangere konsertar vil eg kalle gambling, seier 25-år gamle Kent-Remo Bratland.
Han har jobba på kulturkafèen “Babettes Gjestebud” som servitør og booking-ansvarleg i to år, og kjenner til problemet med at Ranværingane dreg på hytta i helgene.
- Dersom det vert ei finèvershelg, så kan vi rekne med ein del færre besøkande enn ellers. Og dette skaper jo vanskar i høve til å booke artistar av ulikt slag, sukkar Bratland.
Vil ikkje ha kultur
Det manglar ikkje nødvendigvis på tilboda i Mo, med til dømes Nordland Teater som den største og mest kjende kulturinstitusjonen.
- Eg vil seie det slik at Mo er ein kulturby, men at Ranværingane ikkje har oppdaga det enno. Og eg er ikkje så sikker på om dei ønsker det heller, seier Bratland.
Kjem kanskje tilbake
Det labre ute- og kulturlivet gjer at Kent-Remo Bratland no skal flytte frå Mo.
- Det er ikkje så mange på min alder her, og det gjer at ein kjenner seg litt einsam, fortel han, og lanserar idèen om ein Høgskole i Mo.
- Eg trur det er det som må til for å skape eit skikkelig kulturliv her, men det er jo sjølsagt ikkje gjort over natta.
Trass i at Bratland no er litt lei og skal flytte, ønskjer han ikkje å svartmale situasjonen heilt.
- Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan kome tilbake. Det er ein veldig fin by for ungar å vekse opp i, og kven veit - kanskje slår eg meg ned med familie her om nokre år, seier Bratland.
Klikk på linkene i medieboksen over for å høre reporter Andrea Kvamme Hagen i Mo i Rana.
Norgesglasset NRK P1