NRK Meny
Normal

Norgesglasset 25.04.08

Allergi - Sjukdommen som deler verda i to - Dagen i dag 25. April - Tran bra mot leddsmerter

Foto: Illustrasjon: Per Kristian Johansen / NRK

Allergi

Mange slit med allergi, og spesielt merkbart er det på denne tida av året, for pollenallergi er den mest utbredte allergien i Norge. Og mens stadig fleire nordmenn får ulike formar for allergi, slit forskningen med å finne ut kvifor me blir allergiske og korleis me skal unngå det.

Sjukdommen som deler verda i to

Malaria og hjernehinnebetennelse

Eit born kjemper mot malaria.

Foto: Espen Rasmussen

Kvart minutt døyr to born av Malaria. Men dei er ikkje norske born. Her heime har me klart å utrydde sjukdommen, og hadde norske born døydd av Malaria hadde me stilt knallharde krav til styresmakter og helsevesen.

Kvifor finn me oss i at born døyr på andre kontinent når me sit på kunnskapen om korleis sjukdommen kan kontrollerast?

I dag blir Verdas Malariadag markert over heile kloden, blant anna på Torgalmenningen i Bergen. Der møter reporter Gøril Grov Sørdal legen Denny Saggurthi, som har starta Bergens-organisasjonen The Malaria Initiative. Han trur sjukdommen kan utryddast heilt, - men at ein grådig legemiddelindustri ikkje ynskjer å miste dei 500 millionar pasientane som kvart år treng medisin etter å ha blitt smitta av Malaria.

Dagen i dag

25. April

"Ytringsfriheten var det viktigste resultatet av diktaturets fall". Dagen i dag handler om nellikrevolusjonen i Portugal i 1974. Reporter er Bjørn Vang.

Tran bra mot leddsmerter

Tran og selolje lindrer leddsmerter og tarmproblem, sier forskningssjef Livar Frøyland ved Nasjonalt inst. for ernærings-og sjømatforskning i Bergen. Forsøkene som er gjort i Norge er tydelige, og samme resultat er funnet i Australia, der tran og selolje brukes i behandling. Rep: Bjørn Vang og Pål Plassen.

Norgesglasset NRK P1