Avstemmingen pågår helt frem til torsdag, da kulturminister Valgerd Svarstad Haugland skal annonsere vinneren direkte fra sitt kontor.
Her er alternativene:
1. Surnadal - Surnadalssong
2. Kvinesdal - Kvinesdalsongen
3. Ulsteinvik - Song til Ulsteinvik
Bli med og stem
Send kodeord "glasset" etterfulgt av nummeret på din favoritt, og send meldingen til 1987, eller ring inn din stemme på 73 88 12 34.
Her er tekstene:
Surnadalssong
Tekst: Hans Hyldbakk
Tone: Edv. Bræin
Eg veit meg ei bygd innmed Trollheimen blå
med vangar så vide og glitrande å
og fagraste fjorden i fanget.
Her stig det frå tuftom så heimkjend ein em,
når dalsnoen taper og sommaren kjem
med lovsong i liene lange.
I skogsvale kleivar med helgedagsfred
renn elva i hølar så straumstill innmed
og sullar sin song under lide.
Og sol skin i glasa på gard og i trø
og signer kvar åker på bakke og bø,
med dagen så stillsleg mun skride.
Her fekk eg min heim under Knyk-barmen bratt;
her streid mine feder, hit lengtar eg att,
når framande vegar fell tunge.
Frå steinør langs elv og frå oreskog sval
det lokkar med minne frå Surna sin dal,
der mor mi ved vogga har sunge.
Du dal mellom dalar, du bygd som er mi.
Deg helsar mitt hjarte, og deg vil eg gi
mitt arbeid - så ringt det kan falle.
Så bløme du bygd innmed Trollheimen blå.
og ætt etter ætt skald eg venare sjå,
når kvar du til truskap får kalle.
Kvinesdalsongen
Tekst: Trine Hunsbedt
Musikk: Sverre Eftestøl
På høge hei ein dag eg sto
og såg så vidt ikring, der nede låg den grøne dal
og nutar rundt i ring.
Eg såg så mang ein vakker heim
nedunder bratte li,
der enga sto i blomsterflor for det var sumartid.
Og Kvina rann så stilt mot hav,
ho kjem frå høgan hei,
ho lagar foss vert vill og yr, så ofte på sin vei
Og Litlå kjem i kåte sprett,
men har og logne vann.
Det glitra vent i solglarsvind
og fram mot hav ho rann.
Og langt der ute havet ligg,
eg ser det langt av lei.
Der hav og himmel går i eitt
med fjorden blå og brei.
Og hus og heim ligg tett i tett
heilt ut til Øyestrand.
Så fagert utsyn snautt ein ser
i heile Norges land.
Men sola gøymde seg i vest
attom dei høge fjell.
Det stråla opp ei fargebragd,
det er som gull og eld.
Eg gløymde reint at tida gjekk,
eg sto så glad og såg
på lund og li, på skog og fjell
som storfelt for meg låg.
Og då i svale sumarkveld
eg stilt på heimveg gjekk,
ein takk frå hjarta steig det opp
for heimen gild eg fekk.
Så signe Gud vår kjære bygd
med tun i hundra tal.
Gjev du oss trygd, gjev du oss fred,
ja sign Du Kvinesdal.
Song til Ulsteinvik
Tekst: Helge Saunes
Melodi: Johs Bratseth
Som ei dronning millom møyar,
utmed havet der i vest
ligg du kransa av små øyar,
og i livd for storm og blest,
i mot sør i bakka hellet
kringum blenkjer våg og vik,
og mot nord i ly av fjellet,
der ligg bygda Ulsteinvik.
Her er fjell og fjord og strender,
bratte lier, berg og skar,
her har fedres trugne hender
rudt og bygt vår ættegard.
I frå tind og nut og kollar
blenkjer sund kring holmar små,
smale grender, grøne vollar
speglar seg mot kvelden blå.
I frå våg og vik og grender
skip og båtar stemner ut,
over hav mot fjerne strender
for so mang ein grepa gut,
siglde med si stolte skute
gjennom storm og ville kav.
Mange fekk si grav derute,
og vart gøymd i djupe hav.
Kor vi enn i verda vankar,
barndomsbygda er oss kjær,
og i lengt og varme tankar
ho vårt hjarte då er nær.
Mang ei bygd vi fann på ferda,
som var fager, god og rik.
Ingen stad i heile verda
er som bygda Ulsteinvik.
Gjev du alltdid fram må stiga
i din vokster i din prakt.
Aldri ned i avmakt siga,
vi ikring deg vil stå vakt.
Fedrearven vil vi trygja
gjera bygda stor og rik,
og i kjærleik vil vi byggja
deg vårt fagre Ulsteinvik.
Norgesglasset NRK P1