
Programleiar Øystein Skotte er i gang med sølvpussen.
Denne veka er Norge Rundt med på juleførebuingane hjå familien Grytting på Harpefoss. Det er mykje som skal gjerast, og på ein gard som har ei bortimot 2000 år lang historie å sjå attende på, er det viktig å ha respekt for tradisjonane.
Husly for pilegrimar

Sygard Grytting ligg utruleg vakkert til, med vidt utsyn over bygda og dalen. Ekteparet Hilde og Stig Grytting har gjort ein kjempejobb med å sette garden i stand og halde han ved like. I dag driv dei med gardsturisme med overnatting og heimelaga tradisjonssmat.

Hilde og Stig Grytting.
Sjølve tunet består av 10 hus. Det eldste heiter Gåmål-loftet og er omlag 700 år gamalt. Den gongen overnatta gjerne pilegrimane på veg til Nidaros her. I dag kan gjestane på garden få seg ei seng på det freda loftet.
Sølvtøy i haugar

Hilde Grytting er i gang med å lage lammerull.
Programleiaren i Norge Rundt, Øystein Skotte, tilbyr seg å pusse sølvtøyet som ein del av juleførebuingane. Men det er før han veit kor mykje som skjuler seg av den slags på ein storgard… Det blir ei nesten uoverkommeleg oppgåve for ein som er utrena i faget. I tillegg er vi med ut i skogen for å hogge juletre, vi pyntar ute og inne og vi er med Hilde på kjøkkenet der ho lagar lammerull. Kjøttet kjem frå gardens eigne sauar.
Sendingar i jula
Dette er siste ordinære Norge Rundt-sending i 2003. Øystein Skotte er attende fredag 9. januar med vinterstemning i skjergarden på Sørlandet. Men før den tid må du få med deg sendinga med Sissel Benneche Osvold på sjølvaste julekvelden og ikkje minst årskavalkaden fredag 2. januar.
Norge Rundt ser du på NRK1, fredag klokka 19.30.