Produsent og vaktsjef; når dei 10 medarbeidarane i Norgesglasset samlar seg til morgonmøte på Tyholt i Trondheim, er det Ida som er sjefen. No ventar ho at alle stiller med gode idear til dagens sending.
Ida Kvissel utenfor NRK på Tyholt. Foto: Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen
Skal me lage noko på årets forretningskvinne? På Margit Sandemo som er 80 år? På å vere periodedrankar? På ein hund som kan søke etter born? Motorfestival på Hellerudsletta? At kvar fjerde nordmann har dårleg ande? (Korleis finn ein forresten ut slikt?).
- Eller kvifor seier så mange «Elskar du meg?». Og ventar svaret «Ja, sjølvsagt?». Og kor ofte bør ein spørje om dette?
Møtet har høg humørfaktor. Nokre idear blir forkasta. For andre er det tommelen opp. Og så er det berre å sette i gang.
Når dei 10 medarbeidarane i Norgesglasset samlar seg til morgonmøte på Tyholt i Trondheim, er det Ida som er sjefen. Foto: Per Kristian Johansen, NRK
Redaksjonen held til i eit kontorlandskap saman med musikkavdelinga. Den eine døra er pryda med heftige bluesplakatar. Når den blir opna, viser det seg ein staut, høgreist gentleman med grått hår og kvit bart. Me ser inn i eit hav av CD¹ar, og ei whiskyrøyst buldrar:
- Hallingdølen?? Såg det nok. Og takk for sist!
Det er minst 20 år sidan. I Geir Hovigs «hangar» er det i alle fall ikkje noko feil med hugsen.
- Norgesglasset tek opp saker i utkanten av det daglege nyheitsbiletet, gjerne med vinklingar som ikkje andre media har tatt opp. Det skal ikkje vere harde nyheitsinnslag, men handle om ting som folk er opptekne av i kvardagen, seier Ida Kvissel.
- Det skal vere både alvor og humor, på godt og vondt. Det skal grense mot helse- og sosialstoff, mot forbrukarstoff, mot samliv og livssyn - og det skal gjerne vere distriktsstoff. Me vil gjerne vere med i det som blir kalla «infotainment», altså opplysing med underhaldande karakter. Ofte kjem me inn i skjeringspunktet mot det meir aktuelle «Her og nå» som følgjer etter oss på sendeplanen, men som er meir retta mot sjølve aktualiteten.
- Eit eksempel er at me tek opp ord og begrep som dukkar opp i nyheitsbiletet og som alle tek for gitt. Då renta sank langt nok ned, begynte alle økonomar å snakke om deflasjon. Men kva er deflasjon? Kven kan forklare det, spurde me. Og dermed hadde me eit tema å lage innslag på.
Bluesguruen sit med høyretelefonar og høyrer gjennom sine tusenvis av blues-CD-ar. Foto: Sigmund Krøvel-Velle
Det er fredagsstille i korridorane på Tyholt. Inne frå Geir Hovigs hangar høyrer me underlege lydar. Kall det song, kall det jamring, kall det kva du vil. Bluesguruen sit med høyretelefonar og høyrer gjennom sine tusenvis av blues-CD-ar. Og syng med. Av full hals. «Oh, baby, yes, love me, baby». Det er ingenting i veg med volumet.
- Er det rart folk lurer? Dei trur me har ein apekatt i bur, seier Ida Kvissel.
Saman med Nitimen og Her og Nå, er Norgesglasset eit av flaggskipa til NRK P1 på dagtid. Med eit lyttartal på over 400.000 overgår denne posten åleine t.d. den nye Kanal 24, som berre har drøye 260.000 lyttarar.
Geir Hovig og Ida Kvissel. Foto: Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen
- Lyttarane våre er frå 50 år og oppover, seier Ida Kvissel. Me prøver også å dyrke yngre lyttarar, men kjem ikkje bort frå at me har ein noko traust profil. Men me er så absolutt eit distriktsvenleg program, eit magasin for dei 3,5 millionar menneska som bur utanom Oslo. Me høyrer gjerne dialekter i Norgesglasset og skulle gjerne høyrt enno fleire.
- Kven er dei 400.000 som høyrer på dykk?
- Ja, det lurer me også på. Me veit at mange eldre og sjuke høyrer på oss. Det gjer også folk på mange arbeidsplassar. Det ser me på responsen når me set i gang lyttaraktivitetar. Og så er det nok mange menneske som av ein eller annan grunn er heime midt på dagen, sjølv om ein i dag ikkje har lov til å bruke begrep som «heimeverande husmødrer».
Geir Hovig står i døra si og viftar med ein CD.
- Det blir verre og verre å få tak i god blues. Denne måtte eg heilt til Stuttgart for å få tak i, klagar han og mosjonerer gjennom korridoren i cruisefart.
- Kvifor namnet Norgesglasset?
- Namnet er like uoppklart som jomfrufødselen, seier Bjørn Johan Jacobsen, som er Ida sin kollega som vaktsjef og produsent. Det starta i 1994 med at NRK slo saman fire program på same tid av dagen, natur og kulturprogram, og dessutan Jakob Skarstein sitt populære «Middagsstunden». Assosiasjonen er at eit norgesglas er noko du puttar alt mogleg oppi. Dermed vart me heitande Norgesglasset.
Det var tungt til å begynne med; det var ikkje enkelt å skulle ringe rundt til seriøse intervjuobjekt og seie at «hallo, dette er frå Norgesglasset». Eit kort forsøk på å kalle oss «Ekko» slo ikkje an. Men i dag er det annleis, i dag veit folk kven me er og stiller gjerne opp for Norgesglasset.
No dukkar Geir Hovig opp igjen. Denne gongen nærmar han seg lydlaust. Bakfrå.
- Ida burde eigentleg visast over to sider i Hallingdølen. A spread. Lett påkledd. Gjerne topplaus. Men med ski på beina.
Dermed røpar Hovig noko vesentleg. Ida er ein «djevel» på ski, det vere seg langrenn eller slalåm.
- Eg var god som ung, men ga meg som junior, seier Ida, som framleis er meir enn sporty og har treningsbagen ståande klar.
- Sist vinter vann ho den nordiske kringkastingsmeisterskapen i både langrenn og alpint. Det har ikkje unngått oss. Korleis kunne det? Ida har minna oss på det i månadsvis etterpå, seier Geir Hovig og gir Ida ein klem.
Då Ida Kvissel kom til Norgesglasset i 1997, hadde ho ein allsidig bakgrunn. Idrettshøgskule, DH i Bø og jobb i Skiforeningen var vel og bra. Men Ida var oppteken av ting som skjedde og ville nærare hendingane. Broren Knut var journalist. Kan han, kan eg, tenkte Ida og søkte på mediefag ved distriktshøgskulen i Volda. Der var ho ferdig på radiolina i 1990 og hamna som vaktsjef i NRK Sør-Trøndelag. Der var ho til ho skifta beite i 1997.
- Som vaktsjef bør du ha god oversikt over nyheitene både her heime og ute. Ein må saumfare aviser, radio, TV og nettstader for å vere oppdatert. Så skal du vere ein pådrivar, forklarar ho.
- Ida er raus med ros, men kan og rise. Og ho har evna til å stimulere den gode ideen hjå andre, seier reporter Kjetil Lillesæter (t.h.). Foto: Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen
- Ida er raus med ros, men kan og rise. Og ho har evna til å stimulere den gode ideen hjå andre, seier reporter Kjetil Lillesæter.
- Der er ho verkeleg flink. Der er ho ein einar, kjem det frå bakom ei VG, der Geir Hovig har plassert seg strategisk nær kaffetraktaren og eit smørbrødfat som plutseleg har dukka opp.
- Denne utgåva av Hallingdølen vil eg gjerne ha tilsendt, føyer han til.
Denne fredagen på Tyholt fell brikkene på plass i tur og orden. Dagens program tek form. Køyreplanen blir sett opp. Andre innslag blir produsert til bruk i komande sendingar. Frontfigur Arild Opheim går gjennom manus og omarbeider dei til si eiga muntlege form. Fram mot sendestart er det ikkje hektisk sprang og stressa stemmer, men snarare ei avslappa nedteljing.
Fra venstre: Ida Kvissel, Bjørn Johan Jacobsen og Arild Opheim. Foto: Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen
I det klokkevisarane går mot sendestart, går døra til Geir Hovig opp att. Lydane frå hangaren hans har tatt slutt. Lyset er sløkt. Bluesguruen viser seg helgekledd, med tidsrett merkejakke og ein borgarleg liten hatt, tydelegvis innstilt på å ta fri.
- Døh, seier whiskyrøysta. Er du ofte innom Pers? Hels til Arve. Og gutta. Verkeleg bra stad. Bluesfestival og greier. Skikkeleg. Hmmmm. Ha ei god helg!