I 20 minutt må skodespelar Elli Müller Osborne sitte musestille. Heile hovudet og halsen blir dekka med silikon og deretter gips.
Spesialist på praktisk sminke, Jim Udenberg, har fått oppgåva med å lage den handgripelege varulvsminka til «Vikingulven».
Når avstøypinga har tørka, deler Udenberg den i to ved øyra med ei lita sag. Først skreller han av gipsen frå bakhovudet og deretter ansiktet.
– Auge, øyre, og alt utanom nasebora var dekka i noko som kjentest som veldig lenge. Eg fekk litt klaus, seier Müller Osborne.
Ho speler det som truleg er Noregs første varulv, i den premiereklare «Vikingulven».
For Jim Udenberg var dette draumejobben.
– Då eg blei spurd om å jobbe med «Vikingulven» tenkte eg berre: «Wow!» Skal eg få lage varulv. Det står på bucket lista til så å seie alle som driv i min bransje.
Trossa den digitale revolusjon
Etter at det er teke avstøyping av ansiktet til Müller Osborne er det mykje arbeid i fleire etappar før varulven er klar for filming.
Digitale effektar har i stor grad teke over for gummimonster på film. Dei siste tiåra er det færre og færre som nyttar praktisk sminke, og det er ikkje lenger så mange som Udenberg, som framleis driv i dette faget.
Men til garasjen hans i Lier kjem framleis bestillingane, både frå norske og internasjonale filmar, på ekte gummitroll og varulvar.
Nyleg sende han av garde praktiske effektar til den komande Avengers-filmen «Ant-Man and the Wasp: Quantumania», med blant anna Paul Rudd og Michelle Pfeiffer i rollene.
– Det er definitivt færre slike jobbar i industrien i dag. Eg skulle ha drevet med dette i dei praktiske effektane si stordomstid.
Udenberg siktar til 1970- og 80-åra, då praktiske filmeffektar dominerte i filmar som «Planet of the apes» og «Star Wars».
Den store omveltinga kom i 1993, det same året Udenberg sat på skulebenken i heimstaten Minnesota i USA for å utdanne seg til special effects makeup artist.
Steven Spielberg sin «Jurassic Park», som hadde premiere det året, var ein revolusjon når det kom til den digitale effektbruken i film. Og måten dei praktiske effektane saumlaust smelta saman med det digitale.
Udenberg, som ville lære seg kunsten å lage protesesminke, såg med uro på framtida for praktiske effektar, men valde å følge draumen han hadde hatt sidan han var 13.
20 år etter at kjærleiken lokka Udenberg til Noreg, er han ein av få i landet som kan kalle seg special effects makeup artist. Med jamlege førespurnadar trur han framleis på yrke sitt dei neste ti åra.
– Men når generasjonen, som nå veks opp med heildigitale effektar, byrjar å lage filmar, så vil lidenskapen for det praktiske forsvinne meir og meir, trur Udenberg.
– Meir verkelegheitstru
Regissøren til Vikingulven hadde eit stort ønskje om å bruke praktiske effektar så langt det var mogleg. Heile transformasjonen frå tenåringsjente til varulv, i tre ulike stadium, er dermed gjort med praktisk sminke.
– Det tek tid med sminke, og på settet er tida vår største fiende. Men håpet er at det følast meir ekte og at publikum opplever det sterkare når dei ser filmen, seier regissør Stig Svendsen.
Også NRKs filmkritikar Birger Vestmo meiner «gammaldagse» praktiske effektar har nokre kvalitetar som framleis er vanskelege å atterskape digitalt.
– Det er noko med teksturen og det følbare som gjer at det blir meir verkelegheitstru. Det gjer meg lykkeleg å sjå når filmar tek i bruk praktiske effektar der det gjer best resultat.
Trass ei klaustrofobisk ansiktsavstøyping, timar i sminkestolen, og intense dagar på sett med tung varulvprotese over heile overkroppen, er også hovudrolleinnehavaren nøgd.
– Det var ei sjukt kul erfaring. Det følast meir ekte når ein speler med sminke. Eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleve det i den digitale tida vi lever i, seier Elli Müller Osborne.
Er du interessert i meir lesestoff om filmeffektar, sjekk ut sakene under: