16 år gamle Emily Mason som skreiv eit debattinnlegg i BT.no får støtte i statistikken i oppfatninga av at nordmenn er overlegne og kalde.
Noreg likt med Kazakhstan
Noreg hamnar nemleg ikkje nemneverdig høgt i ein ny rapport som avslører kor godt turistar blir tatt imot i alle verdas land som er med i Rapporten frå World Economic Forum. Av dei 140 landa i verda som er med i rapporten, hamnar Noreg på 59. plass, med lik poengsum som til dømes Kazakhstan, Etiopia, Burundi og Spania.
Spørsmålet som blei stilt, var: «Kor velkomen er utanlandske besøkjande i ditt land?» Deretter skulle ein gi karakter frå 1-7, der 1 betyr svært uvelkomen og 7 betyr svært velkomen. Noreg fekk ein snittkarakter på 6,3, medan Island fekk 6,8. På jumboplass kjem Bolivia med 4,1.
– Det er ikkje overraskande. Eg skjønar det veldig godt, seier Emily om resultatet.
«Overlegne nordmenn»
Tidlegare denne veka skapte norsk-amerikanske Emily Mason (16) debatt etter eit innlegg i debattkonseptet for ungdom i Bergens Tidende. Der skreiv ho at nordmenn er overlegne og uhøflege, og at ho er skuffa over kor lite imøtekomande nordmennene er.
Emily flytta frå USA til Noreg som 12-åring, og gledde seg til å få nye vener i eit nytt land. Men kultursjokket var eit faktum allereie første skuledag, og irritasjonen over innadvendte nordmenn har vedvart sidan då, ifølgje debattinnlegget hennar.
– Eg skreiv innlegget fordi eg gong på gong har merka at folk er så reserverte og lite imøtekommande. Fleire gonger når eg har prøvd å helse på folk på bussen, har eg fått spørsmålet «er du full eller?», fortel ho.
– Dra til utlandet
I innlegget langar Emily blant anna ut mot nordmenn som svarar på «small-talk» og venlege smil med dumme blikk.
GRUNN TIL Å HEISE FLAGGET: Islendingane har grunn til å feire - dei tronar nemleg på toppen av land som får utlendingar til å føle seg velkomne.
Foto: Vikene, Solveig / NTB scanpixEmily oppmodar folk til å kome seg ut av landet for å oppleve det ho kallar normal høflegheit.
– Dra til utlandet. Eg er sikker på at det finst svært mange, i alle fall engelsktalande land der folk er mykje meir imøtekomande enn folk i Noreg, seier Emily.
Island dankar ut alle
Ifølgje rapporten er altså talet på meir imøtekomande land heile 58.
På toppen av lista tronar Island, tett etterfølgt av New Zealand, Marokko, Makedonia og Austerrike. Andre land som knuser Noreg i statistikken er Portugal, Irland, Sverige, Australia, Zambia og Hellas.
Som turist føler ein seg også meir velkomen i land som til dømes Uganda, Mexico, Ghana, Estland og Kenya enn i Noreg.
Når det er sagt, så kjem heller ikkje Emilys tidlegare heimland, USA, nemneverdig bra ut i rapporten på ein 102. plass.
Bolivia på botnen
Av dei nordiske landa er det Sverige som desidert får utlendingar til å føle seg mest heime ifølgje rapporten. Sverige tronar nemleg på ein 24.-plass, i tillegg til at Finland slår Noreg sin 59.-plass med si plassering på plass nummer 31.
Danmark derimot hamnar på ein lite imponerande 117.-plass.
Saka held fram
SPLITTA SKANDINAVIA: Medan Sverige er det 24. beste landet å vere i for utlendingar, er Noreg på 59. plass og Danmark må ta til takke med 117. plass.
Foto: ColourboxAv landa som tek minst godt imot utlendingar er det Bolivia som har den tvilsomme æra av å ligge på 140. plass. Nest minst imøtekomande er innbyggjarane i Venezuela, etterfølgt av Russland, Kuwait, Latvia, Iran og Pakistan.
– Eit smil kan gjere dagen betre
Ifølgje Emily er det ikkje mykje som skal til for at utlendingar skal føle seg hakket meir velkomne i Noreg enn dei gjer i dag.
– Prøv å løfte blikket opp frå bakken når nokon prøvar å få augekontakt for å helse på deg, seier ho.
STADFESTAR: Avdelingsleiar for reiseliv i Innovasjon Noreg stadfestar at turistar oppfattar nordmenn som eit kaldt folkeslag.
Foto: Privat– Eg håpar at nordmennene forstår at dei blir oppfatta slik, og det er ikkje mykje som skal til. Det å berre gi eit lite smil til ein framand kan gjere dagen vanvitig mykje betre for vedkommande, held ho fram.
Innovasjon Noreg ser det same
Dette ser vi også frå våre undersøkingar, seier avdelingsleiar for Reiseliv i Innovasjon Noreg, Audun Pettersen.
– Turistar fortel oss at nordmenn er litt vanskelege å kome i kontakt med. Vi blir gjerne sett på som kalde, og det er nok kulturelt betinga. Vi er ikkje dei som kastar oss over framande folk ved første møte, fortel han.
– Det er likevel ikkje nordmennene som turistar klagar mest på. Stort sett går klagene vi får ut på prisnivå, bompengar, rutetider, og at det er vanskeleg å finne genuin, norsk mat, seier Pettersen.
Turistar skjønar ikkje kritikken
Då NRK.no tok turen ut for å snakke med turistar og høyre om dei delte oppfatninga som kjem fram i undersøkinga, var det ikkje mykje negativt å høyre.
Saka held fram under biletet
POSITIV: Russiske Elena Grech er på ferie i Noreg saman med mor si, og har eit positivt inntrykk av nordmenn.
Foto: Hege Bakken Riise / NRKRussiske Elena Grech har reist til Oslo frå Moskva saman med mor si, og har tvert i mot inntrykket av at nordmenn er eit ope og imøtekomande folk.
– Vi har blitt veldig godt mottekne her i Noreg. Folk er opne og hyggjelege, seier ho.
– Det er mykje mindre stressande her enn i Moskva. Vi har fått god service på restaurantar, og folk verkar avslappa og hyggjelege, held ho fram.
Fekk hjelp til å finne fram
Det same kunne Pimporn Tonwong og Kwanrvan Jandee frå Thailand fortelje.
– Nordmenn er veldig hyggjelege. Vi bur litt utanfor byen, og på T-bana inn til Oslo møtte vi eit kjærastepar som snakka med oss og anbefalte oss kvar vi burde gå, fortel dei.
IMØTEKOMANDE: Pimporn Tonwong og Kwanrvan Jandee frå Thailand syns nordmenn er imøtekomande og hjelpsomme.
Foto: Hege Bakken Riise / NRKOgså Tonwong og Jandee tilbakeviser påstanden om at nordmenn er kalde og inneslutta.
– Ei anna dame stoppa oss på gata og hjelpte oss med å finne fram på kartet vårt. Vi syns nordmenn verkar som eit snilt folkeslag, fortel dei.
Det tyske paret Bonny Jànicke og Paul Radziejewski har også same oppfatninga.
– Folk i Noreg er opne og venlege. Vi kom hit i bil, og då vi leitte etter parkering i Oslo møtte vi ein mann som viste oss vegen til ein parkeringsplass, han lét oss overta plassen sin. Det ville aldri skjedd heime i Tyskland, fortel dei, og held fram:
– Ein bensinstasjon utanfor byen tilbaud oss å parkere gratis der, slik vi heller kunne ta bussen inn til byen. Folk er meir spontane her, og opne for å snakke med framande.