NRK Meny
Normal

Nordmann i stor Hollywood-serie

33-åringen kan endeleg stadfeste at han har fått rolle i den populære tv-serien «Game of Thrones».

Den norske skuespilleren Kristofer Hivju skal spille i HBO-serien Game of Thrones.

FÅTT NY JOBB: – Eg har fått rolla som Tormund Giantsbane og gledar meg veldig til å starte, seier Kristofer Hivju.

Mange medium har spekulert i om den norske skodespelaren har fått ny jobb.

I eit eksklusivt intervju med NRK Dagsrevyen kan han no stadfeste at ryktene er sanne.

– Ja, eg har fått ny jobb. Eg har fått rolla som Tormund Giantsbane og gledar meg veldig til å starte. Eigentleg starta eg førebuingane før eg fekk rolla, for eg klare ikkje å vente. Då tenkte eg at det er mykje kjekkare å setje seg inn i serien sitt univers, og prøveå forstå rolla mi så fort som mogleg. Eg er stor tilhengar av tv-serien, så dette er stort for meg, seier Hivju.

Hivju skal vere med i den tredje sesongen av serien «Game of Thrones», som har blitt vist på NRK, var det mest omtalte tv-programmet i 2011 – og har også vunne fleire internasjonale prisar.

Serien har mellom anna vunne ein Golden Globe-pris og to Emmy-prisar, i tillegg til tolv nominasjonar i dei same konkurransane.

Må takke nei til tolbod

Kristofer Hivju har etterkvart blitt vant med raude løparar, for det er ikkje første gong han er med i store Hollywood-produksjonar. Har har mellom anna vore med i filmen «The Thing» som hadde premiere i oktober i fjor, og han har også hatt ei rolle i den komande storfilmen After Earth.

Han har dermed gjort større suksess i Hollywood enn her i Norge, for han har berre spelt inn ein norsk film. 33-åringen har med tida blitt stor og ettertrakta internasjonalt.

– Eg har faktisk måtte takke nei til ein stor internasjonal serie på tre sesongar. Eg måtte velje mellom den og «Game of Thrones», så det er eit luksusproblem for meg, seier han.

Hivju vil ikkje røpe kva serie dette er snakk om.

– Det er ikkje så kult for han som har fått rolla at eg fekk tilbod før han, så eg vil ikkje kommentere det.

– Når startar innspelinga?

– Det er faktisk litt hemmeleg, så det vil eg heller ikkje kommentere. Men eg kan sei såpass at eg slepp å vere mykje borte frå kone og born. Store delar av filmen skal spelast inn to timar unna Oslo, med fly altså. Meir kan eg ikkje fortelje, svarar Hivju.

Største etter Ringenes Herre

– Eg har veldig gode støttespelarar i ryggen som greidde å få meg på audition, for det er stor kamp for å få slike roller, seier Hivju vidare.

– Men korleis har du greidd å få ei slik rolle?

– Eg klarte meg vel bra på audition då? Eg er ikkje den rette til å svare på det. Men skandinaviske skodespelarar har ei høg stjerne internasjonalt for tida. Grunnen er nok at både norsk, svensk og dansk film gjer det bra. Eg trur det er ei lysande framtid for mange norske skodespelarar i framtida, så det er berre å glede seg.

«Game of Thrones» er bygd på bestselgarromanen «A Game of Thrones» frå 1996.

Serien blir produsert av det amerikanske kabelkanalselskapet HBO. Premieren på sesong ein hadde premiere i april 2011, og sesong to starta i april i år. Tredje sesong, som Hivju skal vere med i, skal visast på tv-skjermane til neste år.

Hivju legg ikkje skjul på at det raude skjegget er ein stor fordel for rolla i fantasy-serien, som blir betrakta som den viktigaste innan fantasy sidan Ringenes Herre-filmane.

– Eg hadde ikkje skjegg på castinga. Heldigvis for dei har eg Nord-Europas raskast voksande skjegg, så det er ein stor bonus, ler han.