Hopp til innhold

Nordmann danka ut 2700 andre fotografar i prestisjetung fotokonkurranse

Med ein fotoserie om skogfinnane gjekk norske Terje Abusdal heilt til topps i ein av verdas største fotokonkurransar. – Det har framleis ikkje gått opp for meg, seier Abusdal.

Foto fra boka Slash and burd av Terje Abusdal om skogfinnene og Finnskogen

FINNSKOGEN: Fotograf Terje Abusdal har følgt og fotografert skogfinnane, som var kjente for ein dyrkingsmetode der ein brant skog før ein dyrka matvekstar.

Foto: Terje Abusdal

Det er første gong ein nordmann har gått heilt til topps i Leica Oskar Barnack Award, ein konkurranse som har fått namnet etter skaparen av det aller første Leica-kameraet.

2700 profesjonelle fotografar frå 104 land konkurrerte om den gjeve prisen, som har blitt delt ut sidan 1979. Vinnaren blei annonsert onsdag denne veka, og overrekkinga finn stad i Berlin 13. september.

– Det er heilt uverkeleg. Eg kan ikkje hugse at eg tenkte noko anna enn «wow» når dei ringde. Det er heilt fantastisk og det har ikkje gått opp for meg ennå, seier Terje Abusdal på telefon frå Sardinia.

Observerte skogfinnane

Den norske fotografen, opphavleg frå Evje, har følgt skogfinnane, som har levd i Finnskogen nær riksgrensa i Hedmark og Värmland sidan 1600-talet.

Skogfinnane var opphavleg svedjebrukarar, ein dyrkingsmetode der ein fell, tørkar og brenn skog og sår matvekstar i oska.

Fra Slash & Burn av Terje Abusdal til bok om Finnskogen

VINNARBILDENE: Med fotoserien «Slash & Burn» frå Finnskogen vant norske Terje Abusdal prestisjetung fotopris.

Foto: Terje Abusdal

Fotoprosjektet «Slash & Burn» utforskar kva det vil seie å vere skogfinne i dag.

– Det er kult at historia om skogfinnane, som er ein viktig del av norsk historie også fenger i utlandet, seier Terje Abusdal.

Terje Abusdal

VINNAR: 38 år gamle Terje Abusdal får overrekt den prestisjetunge prisen i Berlin 13. september.

Foto: Marie Sjøvold

– Skogfinnane har lenge levd i skuggen av kvenene, men dette er med på å gje merksemd til den skogfinske kulturen, seier fotografen.

Som vinnar av prisen får Abusdal med seg ein pengepremie på 25.000 euro (235.000 NOK), og eit Leica-kamera og objektiv til ein verdi av 10.000 euro (95.000 NOK).

I tillegg vil bilda hans bli stilt ut på Leica-galleri i heile verda, mellom anna på det ærverdige Grand Palais i Paris.

– Berre å ta hatten av

Marcel Leliënhof Celine Clanet govain

IMPONERT: Fotograf Marcel Leliënhof meiner ein pris slik er kjempestort.

Foto: Brita Åse Norlemann / NRK

Den norske fotografen Marcel Leliënhof er imponert over det nordmannen har fått til.

– Dette er kjempestort, det ligg veldig mykje prestisje i sånne type prisar. Det er berre å ta hatten av å gratulere. Vinnar ein noko sånt så har ein teke nokre fantastisk bra bilde, seier Leliënhof.

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.