Utspelet er meint alvorleg og har ei brei støtte frå Ketil Bjørnstad og Ingeborg Moræus Hanssen til Sylfest Lomheim. Politikarane støttar det også. Det er eit prisverdig og nødvendig utspel som er vel verdt å støtte – både det som kjem frå kulturarbeidarane og frå politikarane.
Mange medieluftslott
Men det er dessverre ikkje nytt. Vi har høyrt om lag det same frå politikarane i Norden dei siste 30-40 åra. Faren for amerikansk tv-dominas har lege over Norden frå fjernsynets barndom. Nordiske politikarar har bygt det eine medieluftslottet etter det andre.
, og Nordstjernen er dei meste kjende prosjekta.Den siste stjerna var det store temaet på Nordisk Råds møte i Mariehamn på Åland i 1993. Den norske statsministeren, Gro Harlem Brundtland, og den svenske politiske tungvektaren, Carl Bildt, var båe fulle av lovord over prosjektet.
To nordiske statsministre, Carl Bildt og Gro Harlem Brundtland, her under et besøk i Finland i 1994.
Foto: Lehtikuva / ScanpixEin del av prosjektet gjekk ut på eit felles nordisk nyhetsprogram sendt til alle i Norden og teksta på alle nordiske språk. Bare tekstinga ville ha kosta 100 mill.kr. Gro og Carl sa «tyvär vi har ikkje pengar». Det gikk åt skogen, som svenskane seier. Dei to kringkastingssjefane for SVT og NRK, Sam Nilsson og Einar Førde, tok det med fatning.
Vi er opptekne av det nordiske
Det som har skjedd etterpå er at dei nordiske fjernsynselskapa i januar 1994 starta eit regionalt nyhetsutvekslingsprogram innanfor EBU-systemet der det årleg blir utveksla opp mot 1400 innslag om nordisk politikk, økonomi, kultur og sport. Dette betyr at det dagleg blir sendt nordiske nyhetar i grannelanda.
Denne utvekslinga er resultat av samarbeid innanfor allmennkringkastingsselskapa . Det viser at kringkastingane i Norden også er opptekne av den nordiske dimensjonen.
Kritiserte beslutningsvegring allereie i 1996
Men denne gongen gjeld det altså kulturen. Storproduksjonen går føre seg i USA. Her lagar dei store tunge program og seriar som syg til seg publikum over heile verden, også Norden. Faren for å bli oppslukt her er større enn innanfor nyhetsområdet. Nordiske politikarar har sett dette lenge.
– Norden blir en stadig meir integrert del av Europa, og i takt med denne prosessen øker behovet for å bevisstgjøre oss vår egen kulturelle identitet i møte med internasjonal massekultur. Felles innsats på kulturområdet fremstår som et av de viktigste tiltakene for å styrke samholdet og selvfølelsen i Norden, samt å markere nordisk identitet i Europa og for å fremme internasjonal forståelse. Innenfor kulturområdet vil jeg spesielt peke på TV-samarbeidet, sa Kjell Magne Bondevik på Nordisk Råds møte i København i 1996 då kultur- og fjernsynssamarbeid enno ein gong sto på saklista.
Den svensk politikaren Marianne Andersson (M) sa det endå sterkare :
– Möjligheterna för folket i de nordiske länderna att se varandras TV-program, hör enligt min uppfatning til de viktigaste nordiske frågorna. Det handlar om folkeliga förankringen och identiteten. Og den svenske høgrepolitikaren fortsette:
– …uppgift for Nordiska Ministerrådet att entligen bli av med sin beslutsvånda”.
Nordisk samproduksjon har aldri vore større enn no
Spørsmålet er kva skjer vidare ? Vi kunne fylle ei bok med sitat frå nordiske politikarar som har hatt innlegg og skrive om farane for den nordiske identitet og faren for å bli oppslukte og ”gå til grunne” språkleg og kulturelt.
Dei nordiske fjernsynsselskapa SVT, YLE, DR, RUV og NRK har utvida sitt nyhetssamarbeid som publikum ser dagleg. Markeringa av Nordvisjonens 50-års jubileum i København i november 2009 synte også at det har gått føre seg ei sterk utviding av nordisk samarbeid innanfor kultur og underhaldningssektoren. Den nordiske samproduksjonen av program har aldri vorre større enn no, heller ikkje kjøp og utveksling av grannelands program.
Skavlan og drama gode døme
Skavlan, som er ein norsk-svensk felles produksjon, blir kvar helg sett av
Dei nordiske krimseriane er liknande døme. Det er også stor utveksling innanfor naturprogram og reportasjar. Danskar og svenskar er godt kjende med ”stadar der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, og dei har reist med Hurtigruta. NRKs store kongelege serie i jula, , skal sendast i dei nordiske landa, som også har deltatt i produksjonen bl.a. med skodespelarar.Patrick Sjöberg og Harald Eia som gjester hos Fredrik Skavlan
Foto: Inger-Marit SæbyStatistikken frå Nordvisjoen og frå Den nordiske nyhetsutvekslinga viser at det går framover. Tilgangen på stoff frå nordiske granneland er stadig større. Det gjeld nyhetar, kultur, sport, underhaldning og naturprogram.
Nok ein idé på trappene - utan pengar
Så då er kanskje alt vel? Slett ikkje. Presset utanfrå blir stadig større og det dukkar opp i stadig nye kanalar og innpakningar. Derfor er det viktig at kulturarbeidarane står fram og ropar varsko. Politikarane har snakka om dette om lag like lenge som i har hatt fjernsyn, men kor blir det av vedtak, handling og resultat? Det ser ut til at dei lir av ”beslutsvånda”, som den svenske politikaren sa.
No blir ideen om ein nordiske kulturkanal lansert. Tja. Det har vi også høyrt før. Og kor er pengane? Den økonomiske situasjonen vi er inne i har vist kraftig inntektssvikt for medier som har store inntekter frå reklame. Det kan vel både Aftenposten og TV2 stadfeste. Den øknomiske krisa har vel vist at det berre er reklamepengar til ein riksdekkande fjernsynskanal her i landet. Og når det gjeld oppdemminga mot angloamerikansk programflaum så er nok dei kommersielle kanalane mindre opptekne av det enn dei gamle allmenne kringkastarane.
Publikum likar nordiske produksjonar
Kva er så løysinga? Ja, den som visste det. Det som iallfall har vist seg dei siste åra er at dei nordiske lisensfinansierte allmennkringkastingane i stadig større grad har satsa på nordiske produksjonar. Reportoaret av nordiske program har blitt større, produksjonen har blitt større og publikumstala har blitt større.
Kanskje politikarane som er opptekne av den nordiske identiteten, dei nordiske språka og som vil prøve å redusere det kraftige trykket utanfrå Norden og utanfor Europa – kanskje dei skulle gje dei nordiske kringkastingselskapa betre arbeidsvilkår. Desse selskapa har vist at det går an å satse på den nordiske identiteten.