Hopp til innhold

Kan bli yngste vinnar gjennom tidene

Roskva Koritzinsky (29) kan bli den første personen under 30 år til å vinne Nordens største litteraturpris. Følg sendinga på NRK TV, tysdag 30. oktober frå kl. 19:45.

Utdeling av Nordisk Råds priser 2018. En feiring av det beste fra nordiske kulturuttrykk og miljø med en festsending fra Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika. Musikalske høydepunkt fra Susanne Sundfør, Dagny, Jarle Bernhoft, Marja Mortensson, Jan-Erik Gustafsson, Operakoret og KORK. Prisutdelere er blant andre: Statsminister Erna Solberg og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit. Programledere: Linda Eide og Hans-Olav Brenner.

Utdeling av Nordisk Råds priser 2018. En feiring av det beste fra nordiske kulturuttrykk og miljø med en festsending fra Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika. Musikalske høydepunkt fra Susanne Sundfør, Dagny, Jarle Bernhoft, Marja Mortensson, Jan-Erik Gustafsson, Operakoret og KORK. Prisutdelere er blant andre: Statsminister Erna Solberg og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit. Programledere: Linda Eide og Hans-Olav Brenner.

I år har Noreg fått æra av å arrangere Nordisk prisgalla, og utdelinga blir feira med eit forrykande show i Den Norske Opera og ballet i Oslo. Prisar skal delast ut i kategoriane litteratur, barnelitteratur, musikk, film og miljø. Sjå alle dei nominerte her.

Linda Eide, Hans Olav Brenner, Susanne Sundfør, Dagy og Jarle Bernhoft.

Dette er nokre av ansikta som vil dukke opp under Nordisk prisgalla 2018: Frå øvst til venstre: Eide, Brenner, Bernhoft, Sundfør og Dagny.

Foto: NTB scanpix /NRK

Hans Olav Brenner og Linda Eide skal leie publikum gjennom utdelinga, og store artistar som Susanne Sundfør, Dagny og Jarle Bernhoft skal på scenen.

Blant prisutdelarane er mellom anna statsminister Erna Solberg og H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg.

Nordisk råds litteraturpris blir rekna som den mest høgthengande prisen i Norden og har tidlegare gått til store forfattarar som Tarjei Vesaas, Herbjørg Wassmo og Dag Solstad.

Dei har alle vore godt vaksne då dei vann prisen. Men tysdag 30. oktober kan snittalderen for prisen gå drastisk ned.

Roskva Koritzinsky

Roskva Koritzinsky debuterte i 2013 med novellesamlinga «Her inne et sted». Ho er nominert til Nordisk råds litteraturpris for si tredje bok, «Jeg har ennå ikke sett verden».

Foto: Håkon Borg

– Eg vart sjølvsagt veldig overraska då eg vart nominert. Særleg fordi Noreg har ein tradisjon for å nominere forfattarar som har skrive ei god stund, og som når ut litt breiare, seier forfattaren Roskva Koritzinsky.

– Overraskande, men ingen skandale

Korizinsky er nominert for novellesamlinga «Jeg har ennå ikke sett verden» som hausta fleire gode meldingar. NRKs litteraturkritikar Marta Norheim meiner boka held eit høgt nivå, og at forfattaren har overraskande vinklingar på vanskelege mellommenneskelege relasjonar.

Marta Norheim

Marta Norheim har lest alle dei nominerte bøkene til årets litteraturpris, og meiner begge dei norske bøkene er i det øvre sjiktet.

Foto: Javier Ernesto Auris / NRK

– Det vil nok vere overraskande om Koritzinsky vinn, men ingen skandale. Om eg skal tippe på ein norsk vinnar, så tippar eg på Carl Frode Tiller, seier Norheim.

Tiller er den andre norske nominerte til prisen. Han har tidlegare blitt nominert i 2008 og 2011, og er no nominert for boka «Begynnelser». Norheim set han som ein av dei største favorittane til å vinne prisen.

Aschehoug presenterer høstens bøker.

Carl Frode Tiller er nominert til Nordisk råds litteraturpris for tredje gong med boka «Begynnelser».

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Romanen «Begynnelser» er original, tankevekkjande, tragisk og dessutan full av komikk av den mørke sorten. Han er eit døme på at økolitteratur verken treng å vere overpedagogisk eller moraliserande.

Les Marta Norheims vurdering av alle dei nominerte her.

Døden som tema

Norheim meiner døden er eit gjennomgåande tema blant årets 13 nominerte bøker.

– I bøkene finn vi sjølvmord, mord, død og dødsrefleksjonar. Her er det evige krinsløpet og mennesket som ei av mange organismar, slik det ofte er i den nye økolitteraturen, seier Norheim.

Roskva Koritzinsky kjenner igjen i observasjonen.

– Om ein ser på Auður Ólafsdóttir frå Island og Carl Frode Tiller, så skriv dei begge om død på eit personleg plan, men også om krig og miljøkatastrofar. Død er eit evig allmenngyldig tema, men kjennest nok ekstra nærverande no, fordi mange føler at dei lever i ei slags endetid.

– Endetid?

– Ja, med både miljø, Trump og terror. Kanskje er ikkje ting verre enn dei har vore før, men informasjonen er meir tilgjengeleg. Eg trur folk lever i ein følelse av at det er snakk om noko veldig akutt, at noko står på spel, seier Koritzinsky.

Sjå alle dei nominerte:

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)