Hopp til innhold

Nent overtek vintersporten – skal sende på TV og strøymetenester

Nordic Entertainment Group (Nent) ønsker framleis at flest mogleg skal få sjå vinteridrett når dei tek over senderetten frå 2021.

Ragnhild Mowinckel

Verdscupen i alpint og VM alpint er noko av det Nent Groups har kjøpt rettane til å vise frå 2021. Her køyrer Ragnhild Mowinckel i aksjon i storslalåm for damer under VM alpint i Åre i 2019.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Torsdag blei det klart at Nent Group hadde kjøpt dei nordiske medierettane til ei rekke populære vinteridrettar frå 2021 og fem år framover.

Det vil seie at ei rekke vinteridrettar forsvinn frå skjermane til NRK, SVT og YLE. I staden blir dei å sjå på dei ulike plattformene til Nent, som blant anna eig strøymetenesten Viaplay og TV-kanalane TV 3 og Viasat 4.

No startar planlegginga for korleis dei skal tene inn pengane dei har brukt på vinnarbodet.

– Vi har eit breitt nedslagsfelt. Vi har TV-kanalar som blir distribuert i alle norske heimar, vi har to strøymetenester og dedikerte sportskanalar. Vi må finne ut korleis vi skal løyse dette på best mogleg måte. Men vi ønsker at flest mogleg skal få sjå det, seier administrerande direktør Vegard Klubbenes Drogseth i Nent Group Norge til NRK.

Men nøyaktig korleis dei vil gjere det, er det for tidleg å seie noko om.

– Slik mediemarknaden er i dag, er det vanskeleg å seie no korleis vi vil gjere ting. Vi skal bruke tida fram til 2021 til å legge planar.

Vegard Klubbenes Drogseth

Administrerande direktør Vegard Klubbenes Drogseth i Nent Group seier dei gler seg til å vise vinteridrett til det norske folk frå 2021. No startar arbeidet med å finne ut korleis dei skal tene inn att pengane dei har brukt på å sikre seg rettane.

Foto: Hans Berggren / NENT Group

Attraktive rettar

Dette er det NENT Group har sikra seg retten til å vise frå og med vintersesongen 2021:

  • Verdscupen i alpint for menn og kvinner
  • Verdscupen i langrenn for menn og kvinner
  • Verdscupen i skihopp for menn og kvinner
  • Verdscupen i kombinert for menn og kvinner
  • Verdscupen i snowboard for menn og kvinner
  • Verdscupen i freestyle og freeski for menn og kvinner

I tillegg omfattar avtalen også rettane til VM i ski i 2023 og 2025, som omfattar langrenn, alpint, hopp, kombinert, snowboard, freestyle og freeski.

Drogseth seier det er ein stor dag for Nent Group og kanalane deira, og at dette er attraktive rettar å ha:

– Dette er ein del av den norske folkesjela, så det betyr mykje for den posisjonen NENT og våre produkt skal ha framover. Den typen rettar sikrar oss også relevans i mange år.

Redaktør for NRK Sport, Egil Sundvor, seier dei gjorde det dei kunne for at vinteridretten framleis skulle bli vist på NRK:

– Vi er sjølvsagt skuffa. Desse rettane er viktige for oss, og vi strekte oss svært langt økonomisk for å sikre oss dei.

Egil Sundvor

Redaktør i NRK Sport, Egil Sundvor, seier han gjerne framleis skulle ha hatt retten til å vise vintersport frå 2021, men at prisen blei for høg.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Betalingsvillige nordmenn

Det er ikkje kjent kor mange millionar Nent måtte legge på bordet for å få dei femårige rettane til vintersporten, men Drogseth meiner det skal vere mogleg å tene inn att det dei må betale.

– Vi er heile tida i marknaden og vurderer investeringar i sportsmarknaden. Og vi investerer aldri i noko dersom vi ikkje trur det er mogleg å tene det inn att. Så vi har stor tru på dette.

Nent har allereie mange visingsrettar for sport. Blant anna fotball. Blant ihuga fotballfans er det høg betalingsvilje for å følgje favorittlaget gjennom seriar og meisterskap. Kor betalingsvillige langrennsentusiastane er, står att å seie.

– Det stemmer at det er høg betalingsvilje i fotball, men korleis vi skal finansiere vinteridretten må vi kome tilbake til. Det skal vi bruke dei neste to åra på å finne ut, seier Drogseth.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.