Hopp til innhold

Kim Jong-un har fått seg signaturlåt

Nord-Korea har lansert den første offisielle propagandahymna for sin store leiar.

Kim Jong-un

Kim Jong-un vil framstå som ein farsfigur for det nordkoreanske folket. Hans nye hymne er eit ledd i marknadsføringa.

Foto: KNS / Afp

Songen, som på engelsk er oversatt til «Onward Toward The Final Victory», har i det siste blitt sendt hyppig på dei statlege nordkoreanske TV- og radiokanalane. Målet er å byggje opp under Kim Jong-un sitt nye image som ein stor leiar.

Songen blir spelt fleire gongar per dag, og den nordkoreanske avisa Rodong Sinmun melder naturleg nok at innbyggjarane har mottatt den med stor entusiasme.

HØYR LÅTEN:

Hyllar det militære

Tittelen på songen er henta frå ein frase i ein av Kims talar, som markerte at det var 100 år sidan bestefar hans, Kim Il-sung, vart fødd. Han var grunnleggjaren av Nord-Korea.

Tidsskriftet The Atlantic har oversatt teksten, og melder at det militære står sterkt i teksten. Kim understrekar at han vil halde fram med militæret-først-haldninga som far hans stod for.

Det er ikkje første gong at ein nordkoreansk leiar får si eiga hymne. Signaturlåten til Kim Jong-il var «No Motherland Without You», og var ofte å høyre på statskanalane i hans levetid.

LES OGSÅ: Kina importerer nordkoreanske arbeidere

Vil vere ein sterk farsfigur

Kim Jong-un til hest

'Onward Toward The Final Victory' er namnet på den første nordkoreanske hymna til ære for Kim Jong-un.

Foto: KRT / Reuters

– Den største forskjellen når ein samanliknar desse to, er at namnet til Kim Jong-un aldri er nemnt i hymna. I staden for å fokusere på personen Kim Jong-un, fokuserer ein på det nordkoreanske folket, statspartiet og militæret, uttaler John Delury, professor ved Yonsei University i Seoul, til The Atlantic.

Han meiner at frasen «the final victory» refererer til sameininga av den koreanske peninsulaen.

Hymna er eit av verkemidla Kim no brukar for å teikne eit bilete av seg sjølv som ein sterk farsfigur, i motsetnad til styresettet til far sin. Kim Jong-un har også lempa på reglane om vestleg import, og no er det mogleg å kjøpe pizza, hamburger og pommes frites i landet.

Notane til låten er publisert online, av avisa Rodong Sinmun - for dei som skulle ønskje å lære seg den.

LES: Tekst og notar til propagandahymna

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober